annonse

Ausekarane, lokal revy og Mads Hansen på Vintertreffet

AUSEKARANE
AUSEKARANE: Ausekarane, med Tor Endresen og Bjørn Jensen fremst, kjem for å laga liv og moro under Vintertreffet på Vaksdal i februar. (Foto: Arkiv)
REVY
REVY: Vaksdal Revylag satsar mellom anna på sykkel i sin nye revy. (Foto: Vaksdal Revylag)

Programmet til Vintertreffet på Vaksdal i februar er klart, og det ligg til rette for mykje moro.

Kristine Næss Thorsen

I løpet av festivalhelga i februar 2019 kan deltakarane mellom anna gleda seg til moro med Vaksdal revylag, Ausekarane og Mads Hansen, tillegg til Stavangerkameratene, som VP tidlegare har skrive om at kjem til Vintertreffet.

– Eg gler meg til alle dagane under Vintertreffet, men eg må seia at eg ser aller mest fram til framsyninga til Vaksdal revylag, seier Ronny Boge i Vaksdal Underhaldningslag.

Lokal underhaldning

Revylaget er skal først i aksjon torsdag 14. februar.

Då vert nok lokale saker blåst opp, dregne ut og tekne på kornet. Aktuelle tema for ein lokalrevy skulle det vel vera mange av.

Sist revylaget var i aksjon, var i 2016, då med framsyninga «Vaksdal revylag droppar innom».

– Revygjengen har halde på i mange år, med nokre pausar innimellom. Dei er flinke og tek opp tematikk og tullar med det som skjer i kommunen. Det kjem alltid mykje folk på revyane til Vaksdal Revylag, og eg håpar og trur det blir slik på Vintertreffet denne gangen også, seier Boge.

– Nytt show

Fredag er det duka for Ausekarane, som er ute med det nye showet «Ferjelaus og steik forbanna». Showet har fått strålande kritikkar i både BA og BT.

– Dei er faktisk gode musikarar og sjølvsagt morosame, så fredagen er noko å gle seg til. For tre år sidan var dei på Vintertreffet på torsdagen. I år klarte me å få dei til fredagen, så då trur me stemningen blir endå betre.

Etter Ausekarane har vore i aksjon skal bandet Daytrippers, med mellom anna trommis og vokalist Helge Nyheim frå Vaksdal, spela til dans.

– Då vert det variert og god musikk. Det er kjekt å få Helge heim til Vaksdal. Han og medmusikant Christian Øveraas er også med på revyen torsdag.

Familiekonsert

Denne gangen er det lokale talent som står i fokus på familiekonserten på dagtid laurdag.

Banda «Chili peppers» og «Øv 10» skal spela i regi av kulturskulen. Saksofonist Åsmund Vetle Nøkling, som fekk Mary-Kay Sullivan-prisen frå Stian Jordalen på Vintertreffet i fjor, skal også halda konsert.

Til slutt kjem Mads Hansen, fotballspelar og popstjerne, for å framføra årets sommarhit, nemleg låten «Sommerkroppen».

– Dei siste åra har me prøvd å få til noko for dei under 18 år. Det er kjekt å laga til noko som dei unge synest er artig. Med Mads Hansen blir det sikkert god stemning, trur Boge.

Laurdag kveld er sett av til populære Stavangerkameratene, i tillegg til det lokale bandet Rakkadeis.

Nesten halvparten selt

Ronny Boge opplyser at nesten halvparten av billettane til Stavangerkameratane allereie er selde.

– Erfaringsmessing går folk på revyen. Fredagen er me litt spente på, men me har tru på at me skal fylla samfunnsalen kvar dag. Me gler oss som vanleg og ser fram til februar, seier Boge.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.