annonse

11 millionar i overskot

Administrasjonen kunne presentera eit godt årsresultat for Vaksdal kommune for 2016. Frå venstre
GODE TAL: Konstituert rådmann Åse Elin Myking, politisk sekretær Sølvi Legård og økonomisjef Truls Morten Kaland. (Foto: )

Magne Solhaug

Uventa stor skatteinngang gav Vaksdal kommune eit rekordoverskot i 2016.

Heile 11,2 millionar kroner utgjer driftsoverskotet for kommunen i fjoråret, eit resultat som både administrasjon og politikarar var godt fornøgde med, då saka var oppe i formannskapsmøtet denne veka.

Skattepluss på 5,7 mill.

Ein pluss i skatteinngangen på 5,7 millionar kroner er den største årsaka til eit driftsresultat på 4,6 %, langt over resultatkravet på 3 % som kommunane har hengjande over seg.

Konstituert rådmann Åse Elin Myking mana til varsemd og åtvara om trongare tider i framtida, og tilrådde og setja av heile overskotet på kommunen sitt disposisjonsfond. Ho meiner at det er viktig å dempa framtidige store låneopptak og rådde til at overskotet vert sett av til disposisjonsfondet for bruk til finansiering av seinare investeringar.

To mill. til asfalt, læremiddel og miljøforbetringar

Ei slik disponering var ikkje fleirtalskoalisjonen av Arbeidarpartiet, KrF og Senterpartiet heilt med på. Dei ønskte å øyremerka av overskotet til reasfaltering ac kommunale vegar (1 mill.), nye læremiddel til skulen (0,5 mill.) og miljøforbetringar (0,5 mill.). Til sistnemnde føreslo ein at rådmannen skal utarbeida ein plan for bruken. Planen må innehalda stimuleringstilskot til privatpersonar med tanke på å skifta ut oljefyrte omnar og gamle vedomnar til reintbrennande omnar.

«Asfaltetterslep»

– Dette er tre viktige felt som ein aldri klarer å budsjettera godt nok, særskilt reasfaltering er det stort etterslep på. Difor ønskjer me å bruka delar av overskotet på dette viset, sa ordførar Eirik Haga (Ap).

Mot røystene til Anneli Vatle Lilletvedt (H) og Evelyn Boge (SV) vedtok formannskapet denne disponeringa med to millionar til konkrete tiltak, og 9,2 millionar til disposisjonsfond. Mindretalet støtta rådmannen si tilråding.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.