annonse

15 lag på volleyballturnering

VOLLEYBALL
VOLLEYBALL: Cup i Turbinen. (Foto: Privat)
DUELL
DUELL: Kim Andre Skaftun Søvik (til venstre) og Jonar Heimdal Dalseid i duell ved nettet. Førstnemnde fekk premie for Årets Smash. (Foto: Jan Ove Bolstad Vasstveit)
VOLLEYBALL
VOLLEYBALL: Cup i Turbinen. (Foto: Privat)
VOLLEYBALL
VOLLEYBALL: Cup i Turbinen. (Foto: Privat)
VOLLEYBALL
VOLLEYBALL: Cup i Turbinen. (Foto: Privat)
VANT
VANT: Denne gjengen frå Stanghelle og Vaksdal fekk sjokoladepremiar for sigeren i romjulscupen i volleyball. Frå venstre Remi Skaftun Søvik, Kim Andre Skaftun Søvik, Tord Fossmark, Torstein Bruvik, Torbjørn Rolland og Steffen Sælensminde. (Foto: Jan Ove Bolstad Vasstveit)

Volleyballcupen i Turbinen nyleg samla heile 15 lag.

Esben Hesjedal

Laget Sprudlefantane vann til slutt, etter å ha slått 1860 Mugging 2-1 i ein jamspelt finale. Vinnarlaget bestod av gutar frå Stanghelle og Vaksdal. I semifinalane slo 1860 Mugging ut familielaget Team Sæterdal, medan Sprudlefantane slo Alle disse tøsene.

Årleg tradisjon

Arrangør var Veafjorden Atletklubb, og Jan Ove Bolstad Vasstveit i klubben fortel om ei vellukka turnering.

– Ja, me er godt fornøgde med at så mange lag deltok og avviklinga av sjølve turneringa. Dette var så vellukka at me satsar på at dette vert ein årleg tradisjon. Mange av dei som var med sa dei håpa at det vert ny turnering neste år. Alle laga fekk først spela tre kampar. Så gjekk ein vidare til kvartfinalar, semifinalar og finale.

Morocup

Volleyballcupen var ei moroturnering, noko også mange av lagsnamna vitna om. Mellom anna spelte OK Spenst mot Barneskirenn, og andre lagsnamn var Best med beina, Islaget og Dei mindre trente. Bedriftslag frå Shell Dale og Sæterdal Elektro deltok også. I utgangspunktet hadde ein tenkt at alle lag måtte bestå av både menn og kvinner.

– Me måtte fira litt på kravet om blandingslag, då me ei stund var redde for at få lag ville klara å stilla lag. Men mange lag hadde både kvinner og menn, så får me sjå korleis me løyser dette neste gong, seier Vasstveit.

Mange ungdommar var med på turneringa, men også ein del godt vaksne, fortel han.

Nystarta klubb

Veafjorden Atletklubb vart starta opp i mars i 2018, og Vasstveit fortel at namnevalet var litt tilfeldig.

– Me er ein kameratgjeng som driv litt med styrkelyft. For å kunna delta på stemner og slikt, så må ein representera ein klubb, og me fann då ut at me skulle starta ein. Namnevalet var litt tilfeldig, men ved å bruka Veafjorden så er ein ikkje knytt til ei spesiell bygd i kommunen, fortel Vasstveit.

Og sjølv om Veafjorden Atletklubb vart starta for å kunne driva styrkelyft, er ein open for å driva med andre aktivitetar.

– Me fann ut at når me ført var ein klubb, så kunne me jo driva med anna også, slikt som volleyball. Så då gjorde me det, og det angrar me ikkje på, smiler Jan Ove Bolstad Vasstveit.

eh@vp.no


Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.