annonse

17. mai før og no

17. MAI
17. MAI: Dette biletet er frå 17. maifeiringa på Dale no. I 1945 var nok kjenslene mykje sterkare. (Foto: Esben Hesjedal)

Dagens 17. mai-feiring har vore prega av sol og festkledde folk. I 1945 hadde vel folket endå meir å feira.

Kjell Stokke har mimra litt om tidlegare tider. I jubileumsboka «Soga om Dale Musikkforening», fann han eit avsnitt som viser at i 1945 var fridomskjenslene til å ta og føla på – også litt før sjølve 17. mai.

Her er eit avsnitt Stokke deler frå musikkforeiningsboka:

Frigjeringa i 1945

På Dale «tjuvstarta» feiringa alt måndag 7. mai med opptog og musikk. Folk hadde høyrt på Flensburg radio at alle tyske styrkar hadde kapitulert. Det var ikkje meldt noko spesielt om Noreg, men musikkforeininga drog til og gjekk den vanlege 17. mai-ruta, og det var svært mykje folk som følgde med.

Steinar Sælen fortel at 8. mai vart dørene i Forsamlingshuset opna. Folk tok ut radioapparata sine for å høyra Churchill sin tale. Han kunngjorde at no var det fred i Europa og at tyskarane hadde overgitt seg utan vilkår. Klokka 17.00 var det stor prosesjon. Folk var heilt ifrå seg av glede. Hurraropa runga og ein song «Ja, vi elsker» og «Gud signe vårt dyre fedreland».

Talen for dagen vart halden av styrar på realskulen, Pål Haugen. Og ikkje minst så sette musikkforeininga sitt preg på dagen.

Vi kan ikkje gje ei fullgod skildring av 17. mai-feiringa slik den var i 1945, men vi veit at dei som opplevde denne festdagen, fekk eit minne for livet.

Her var talar, song og mykje musikk. På lærarrommet på barneskulen hang eit bilete av Quisling. Festen vart avslutta med at bilete vart henta ned og brent på bål.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.