annonse

17. mai kan bli utan korpsmusikk

TRENG HJELP
TRENG HJELP: Dale Musikkforening treng hjelp for å kunna stilla 17. mai, fortel Mai Britt Risnes Iversen (t.v.) i musikkforeininga og Trine Olsnes Soltvedt i 17. maikomiteen på Dale. (Foto: Esben Hesjedal)

Dale Musikkforening treng hjelp for å kunna spela 17. mai.

Esben Hesjedal

Korpsmusikk og feiring av 17. mai heng tett saman. Men no ropar Mai Britt Risnes Iversen i Dale Musikkforening varsku. Dersom ein ikkje får inn fleire musikantar, så brenn det eit blått lys for korpsmusikken på grunnlovsdagen.

– Me har store utfordringar med å stilla nok folk til å spela i toget 17. mai på Dale, fortel Risnes Iversen.

Manglar folk

Dale Musikkforening har ei tid slite med rekrutteringa, og for tida er det 20 medlemmer i korpset. Men på 17. mai er det pr. i dag kring det halve som kan vera med.

– Nokre er på jobb, me har sjukdom, nokre feirar med familien andre stader og nokre kan ikkje gå og spela samtidig. Samla gjer dette at me er nede på eit nivå der me spør oss sjølve om det er me kan få fram av musikk er presentabelt, seier Risnes Iversen.

Det er spesielt trompetistar og tuba ein manglar, instrument som gjev god lyd. Men også andre instrument er sakna.

– Me håpar difor på hjelp frå folk som kan spela og vil vera med på litt øving før 17. mai. Kan ein c-dur-skalaen, så kan ein vera med å bidra, smiler Mai Britt.

– Kom og bli med

Ho peikar på folk som tidlegare har spelt i korps eller er på besøk i kommunen 17. mai og kan vera med å ta eit tak.

– Det vil vera veldig trist om me kjem dit at me fin ut at me ikkje kan stilla 17. mai. Dale Musikkforening har røter tilbake til 1881, og eg har sagt at eg ikkje vil vera med på å leggja ned korpset. Til vanleg klarar me oss betre, og utanom på dagar som 17. mai kan ein gjerne låna inn nokre musikantar. Men på ein dag som 17. mai er dette vanskeleg. Me har fleire gongar fått god hjelp frå musikklaget på Vaksdal, men feiringa på Dale og Vaksdal går samtidig, seier Risnes Iversen.

Uroa

Trine Olsnes Soltvedt i 17. mai-komiteen på Dale, er uroa for at det kanskje ikkje vert korpsmusikk på grunnlovsdagen.

– Dei siste åra eg har vore med i 17. mai-komiteen, har det vore merkbart at svaret frå musikkforeininga om å stilla har sete lenger og lenger inne. 17. mai og korpsmusikk høyrer saman, og eg vil vera veldig trist om me ikkje får musikk til folketoget. Dette handlar om tradisjonar og historia vår, og me håpar veldig at dette løyser seg, seier Trine Olsnes Soltvedt.

Dale Musikkforening brukar også å spela på Stanghelle 17. mai. Også her er det utfordringar knytt til korpsmusikk på grunnlovsdagen.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.