annonse

17. mai på Dale

DALE
DALE: Folketoget starta i Kyrkjegata. (Foto: Esben Hesjedal)
DALE
DALE: Flaggborga. (Foto: Esben Hesjedal)
Dale
Dale: 17. mai på Dale. (Foto: Esben Hesjedal)
Dale
Dale: 17. mai på Dale. (Foto: Esben Hesjedal)
DALE
DALE: For første gong på ein del år var fana til 110-årsjubilanten Dale Idrettslag å sjå i toget. (Foto: Esben Hesjedal)
DALE
DALE: Folk samla seg i Turbinen for feiring av grunnlovsdagen på Dale. (Foto: Esben Hesjedal)
DALE
DALE: Borna song i Turbinen. (Foto: Esben Hesjedal)
DALE
DALE: Konkurransar og anna moro på 17. mai på Dale. (Foto: Esben Hesjedal)

17. mai-feiringa på Dale gjekk føre seg i strålande sol.

Vêrgudane spelte verkeleg på lag med festkledde folk som feira grunnlovsdagen på Dale.

Folketoget starta utanfor barnehagen, då Skulegata er stengt grunna byggjearbeidet på nyeskulen. Så gjekk toget oppom Skyttarplassen, ned forbi fabrikken og opp i Gatå. Så var det stopp ved dei eldre på altanane på Daletunet, før toget gjekk vidare om Messa, Nedre Eikhaugen og til Turbinen. Dale Musikkforening sytte for korpsmusikk, og dei 12 musikantane klarte seg godt og sytte for den rette stemninga.

I Turbinen var det musikk og underhaldning – og tale for dagen ved Eirik Haga.

Sjå bileta frå festdagen på Dale.

Send gjerne inn dine bilete frå 17. mai til VP.

E-post: post@vp.no

MMS til 2097 – start meldinga med VP

Eller til VaksdalPosten på Facebook.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.