annonse

17. mai på Vaksdal

VAKSDAL
VAKSDAL: Frå hovudprosesjonen på Vaksdal. (Foto: Linda Lien)
VAKSDAL
VAKSDAL: Frå hovudprosesjonen på Vaksdal. (Foto: Linda Lien)
VAKSDAL
VAKSDAL: Elizabeth Gjessing heldt talen på Vaksdal. (Foto: Linda Lien)
VAKSDAL
VAKSDAL: Leikar og underhaldning på Senterplassen. (Foto: Linda Lien)

På Vaksdal stod borna som vanleg i sentrum for mykje av det som skjedde 17. mai.

Esben Hesjedal

Tradisjonen tru står barneskuleelevane for mykje av programmet, frå å illustrera programmet, leggja ned krans på bautaen for å heidra Magne Bolstad til å vera konferansierar og bidra med både song og musikk under underhaldninga.

17. mai vart ein festdag for både store og små, fint ramma inn av talen til historikar, eldsjel og friluftslivsentusiast Elizabeth Gjessing. Ho tok publikum i Samfunnssalen med tilbake til Eidsvoll i 1814, og trekte fram engasjement og mot som viktige verdiar og berebjelkar demokratiet vårt.

eh@vp.no








Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.