annonse

9-åring lettare skadd

LOKALVEG
LOKALVEG: Det var på denne lokalvegen på Straume at ulukka skjedde søndag kveld. (Foto: )

Den ni år gamle guten som søndag kveld vart rygga på av ein bil på Straume i Stamnes, er lettare skadd.

Magne Solhaug

Dette melder Haukeland universitetssjukehus, der guten vart frakta med luftambulanse til.

Lokalveg

Det var søndag klokka 21 at ulukka skjedde. Det vart rykt ut med mannskap frå Vaksdal brannvern, luftambulanse og politi.

Den første meldinga til politiet gjekk ut på at guten var ute og sykla på denne lokalvegen, då han vart rygga på av ein personbil. Guten låg fastklemt. Han vart hjelpt laus då bilen vart jekka opp av folk på staden.

Etterforskinga

– Det er gjort førarkortbeslag i denne saka, så vil etterforskinga visa i kva grad bilføraren er å lasta. Den vidare etterforskinga vil bringa på det reine meir detaljar om kva som skjedde, seier politiførstebetjent Bjørn Inge Aarsand ved Voss lensmannskontor.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()