annonse

Å eldast

SKRÅBLIKK
SKRÅBLIKK: Spaltist Jan Per Styve serverer skråblikk i VaksdalPosten. (Foto: Illustrasjon)

SKRÅBLIKK: Vi blir eldre. Alle blir det – kvar einaste dag. Det flotte ordet for det er å eldast. Rett nok er det ikkje det vi kallar det når barn veks opp. Dei veks til, blir større – og etter kvart eldre. Og dei trur at livet – det er nett no.

Men vi andre som er litt oppi åra – vi eldast. Ikkje noko gale i det. Vi blir jo visare – i alle fall i våre eigne auge. Vi modnast, vi får patina – og vi veit at alt var mykje betre før. Endåtil kroppen vår var betre før.

Vi eldast på ulike måtar. Ein sogning eg kjente sa alltid at han var så glad for å eldast nedanfrå. Hovudet var klart, han høyrde og såg godt – men beina skranta. Slik ønskjer eg at det blir for meg også. Eg vil eldast nedanfrå.

Førebels er eg så optimistisk at eg støtt vonar å bli bedt om legitimasjon på polet. Det har diverre ikkje skjedd enno. Og for kvar dag som går blir vel sjansane mindre og mindre. Men eg trøystar meg med at ei eldre dame på sjukeheimen trudde eg var barnebarnet til mor mi. Gleda varte ikkje lenge. Ei endå eldre dame trudde eg hadde jobba i fabrikken saman med hennar mann.

Visst kan vi mykje, og vi kan trekkje vekslar på lang erfaring. Vi meiner framleis at dei eldre skal lære opp dei yngre. Far min var min læremeister, og lenge kunne han alt som eg kunne. Heilt til denne forargelege digitaliseringa kom. Då rykte eg frå han.

No er mykje snudd på hovudet. Dei unge kan så mykje som vi ikkje kan, og dei bryr seg lite om å lære det vi kan. Dei vil lære framover i tida heller enn bakover. Barne-barna mine kan meir om data enn eg kan, og blir mine læremeistrar.

Og dei ler når eg seier fotografiapparat – det heiter jo kamera, seier dei. Men å sette poteter kan dei ikkje, det måtte eg lære dei. Rett nok seier dei at dei tvilar på om dei får bruk for denne lærdomen.

Så gamal har du aldri vore, brukar Odd Rolland å skrive til meg på Facebook kvar gong eg har bursdag. Han har jo rett. Og etter som tida går, er det støtt ein flott prestasjon å ha blitt eitt år eldre, tenkjer eg. Alternativet er i alle fall verre.

Men alle desse spreke unge – dei skal eldast ein dag dei også. Dei veit berre ikkje om det.

Av Jan Per Styve

janperstyve@gmail.com

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.