annonse

Aina skåra fem mål

FEM MÅL
FEM MÅL: Aina Skjerve jubla for ei ny skåring på Geitbakken søndag. (Foto: Esben Hesjedal)
FOTBALL
FOTBALL: Dale-Nordre Fjell 6-2. (Foto: Esben Hesjedal)
FOTBALL
FOTBALL: Dale-Nordre Fjell 6-2. (Foto: Esben Hesjedal)
FOTBALL
FOTBALL: Dale-Nordre Fjell 6-2. (Foto: Esben Hesjedal)
FOTBALL
FOTBALL: Dale-Nordre Fjell 6-2. (Foto: Esben Hesjedal)
FOTBALL
FOTBALL: Dale-Nordre Fjell 6-2. (Foto: Esben Hesjedal)
FOTBALL
FOTBALL: Dale-Nordre Fjell 6-2. (Foto: Esben Hesjedal)
FOTBALL
FOTBALL: Dale-Nordre Fjell 6-2. (Foto: Esben Hesjedal)
FOTBALL
FOTBALL: Dale-Nordre Fjell 6-2. (Foto: Esben Hesjedal)

FOTBALL: Aina Skjerve skåra fem mål då laget slo Nordre Fjell 6-2 og inntok tabelltoppen søndag.

Stamnesjenta viste seg både kjappare og teknisk overlegen forsvaret til laget frå Sotra.

Tidleg leiing

Allereie etter ti minuttar i sola på Geitabakken søndag, tok Dale leiinga. Aina Skjerve fekk eit innlegg frå søstera Malin, og dermed stod det 1-0. Like etterpå var Aina frampå igjen, og Dale såg ut til å gå mot ein enkel siger. Men så kom gjestene frå Sotra meir med i kampen, og klarte å redusera til 2-1 midtvegs i omgangen etter dårleg markering i heimelaget sitt forsvar.

Fleire mål

Men Aina Skjerve var langt frå ferdig med sine herjingar, og to gongar før pause sprang ho ifrå Nordre Fjell sitt forsvar og skåra elegant. Til pause stod det dermed 4-1, og etter pause breisida Pia D. Skjerveggen inn eit innlegg til 5-1, før Aina Skjerve skåra sitt femte mål for dagen. At Nordre Fjell reduserte til 6-2, var det få som brydde seg om.

Lagsiger

Lagleiar Erlend Ragnvaldsen, som styrte Dale i denne kampen, er svært fornøgd med innsatsen mot Nordre Fjell.

– Først og fremst var dette ein lagsiger. Alle spelarane stod på og spelte bra. Men det er vanskeleg å komma utanom Aina, som med fem mål var kampens store spelar. Det er få spelarar på dette nivået som er så målfarleg som Aina. Men ho har med seg eit lag som set ho i gode posisjonar, det må ein ikkje gløyma, meiner Ragnvaldsen.

Tabelltopp

Til haustsesongen har Dale fått tilbake Ingeborg Haga.

– Ingeborg balanserte midtbana på ein veldig bra måte, så ho blir nyttig utover hausten. Me satsar på å klora oss fast i toppen av tabellen, smiler Ragnvaldsen.

Dale ligg etter sigeren på tabelltopp med seks poeng på to kampar, etter at 5. divisjon vart delt i to og nullstilt. Dale er i avdelinga som ikkje kan rykkja opp til 4. divisjon.

Esben Hesjedal

eh@vp.no




Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.