annonse

Alva går frå Oslo til Bergen

PÅ TUR
PÅ TUR: Frå venstre Konstantin Plotkin, Alva KJenslo, Hugo Furnes og Oda Margrete Aarland. (Foto: Privat)
FLOTT NATUR
FLOTT NATUR: Turfølgjet går gjennom mykje flott natur på vegen frå Oslo til Bergen. (Foto: )

Esben Hesjedal

Alva Kjensli er i gang med ein vel tre vekers tur frå Oslo til Bergen.

Saman med tre venner skal 18-åringen frå Modalen gå Noreg­ på tvers.

– Eg fylte 18 år dagen før me starta på turen, så på eit vis vert dette som ei slags feiring, smiler Alva.

Starta i Nordmarka

Saman med seg har ho to gutar frå Bergen, Hugo Furnes og Konstantin Ploktin, og Oda Margrete Aarland frå Austevoll. Dei har blitt venner gjennom Den Norske Turistforening si ungdomsgruppe, DNT Ung.

Sist veke starta turen med at Alva tok nattoget til Oslo. Så sykla venegjengen ut i Nordmarka, og så tok dei beina fatt.

– Me har no gått i ei veke, og det har vore veldig kjekt. Me overnattar i telt, og har snudd døgnet litt for å sleppa å gå midt på dagen når det er på det varmaste. Difor legg me oss i sekstida på ettermiddagen, står opp klokka fire på natta og startar å gå klokka seks. Me prøver å gå 20-25 kilometer kvar dag, fortel Alva.

Tunge sekkar

Den største utfordringa til no, har vore tunge sekkar.

– Det har blitt nokre blåmerke etter sekkane på hoftebeina, men heldigvis lite gnagsår til no. Me har sendt mat i førvegen, slik at me plukkar opp forsyningar med jamne mellomrom, seier Alva, som har bak seg to år på vidaregåande skule i Knarvik. Det siste året skal ho går på Bergen Katedralskole, men først er det turgåing ho fokuserer på.

– Gjev meining

Motivasjonen for å bokstavleg tala gå laus på ei slik kraftanstrenging, fann Alv i ønsket om å oppleva noko nytt, annleis og spennande. Men når me spør om kva som er det beste med turen, er det ikkje akkurat fart og spenning ho trekkjer fram.

– Når ein går i fjellet, så er det så deilig stille. Det er noko naturleg med å gå slik me gjer, det gjev på eit vis meining, filosoferer Alva.

Sjølv om ikkje modalsdialekten er heilt gjennomført, og ho til hausten skal gå på skule i Bergen, så veit Alva kvar ho har røtene sine.

– Eg trur ikkje eg hadde gått ein slik tur om det ikkje hadde vore for at eg kjem frå Modalen, og har vakse opp så tett på den flotte naturen i Stølsheimen, smiler ho.

Hardangervidda

Når VP får kontakt med Alva på telefon måndag denne veka, har turfølgje ein etterlengta kviledag ved Langedrag Naturpark. Så ber det over Hardangervidda, og der er ungdommane i desse dagar.

– Me skal bruka rundt sju dagar på å kryssa Hardangervidda. Der er det ganske så flatt, så det trur me blir bra.

Kajakk på fjorden

Når gjengen kjem til Lofthus, etter planen tysdag i neste veke, skal dei få eit avbrekk frå traskinga. Då stiller nemleg far til Alva med kajakkar, og dei har sett av tre dagar til å padla på fjorden til Øystese.

Så går turen gjennom lokale fjell i Vaksdal.

– Eg ser veldig fram til Bergsdalen, for der er det så fint. Me skal overnatta på Vending eller Breidablikk, gå vidare til Gullhorgabu og så vidare gjennom Vaksdalsfjella til Gullbotn. Det trur eg blir ein flott del av turen, smiler Alva.

Til sist skal dei slå opp teltet på Vidden, før dei til slutt går ned til Bergen sentrum. Då viser kalenderen etter planen 27. eller 28. juli, vel tre veker etter at turen starta.

– Litt feiring når me kjem til Bergen vert det nok, trur Alva Kjensli, som nok kjem til å hugsa sommaren ho fylte 18 år lenge.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.