annonse

Ap klart størst i fylkestingsvalet i Vaksdal

Fylkestingsvalet
Fylkestingsvalet: Ap vart størst i fylkestingsvalet i Vaksdal, medan over halvparten av veljarane stemte på Sp i Modalen. (Foto: Illustrasjon)

Sjølv om Ap går tilbake også i fylkestingsvalet i Vaksdal, er partiet dobbelt så stort som nest største parti, som er Sp.

Esben Hesjedal

Dei førebelse tala viser at Ap får 35,2 % av røystene i fylkestingsvalet i Vaksdal. Dette er 6,1 prosentpoeng (pp) mindre enn det svært gode valet for fire år sidan.

Sp får 17,1 % (+ 4,1 pp), Høgre 9,9 % (-1,5 pp), FrP 8,7 % (+ 0,5 pp), SV 7,6 % (+ 0,2 pp), Folkeaksjonen Nei til mer bompenger 7 % (+ 7 pp), KrF 4,8 5 (-4,6 pp), MDG 3,6 % (- 0,8 pp), Raudt 2,2 % (+ 1,6 pp) og Pensjonistpartiet 1,3 % (+ 0,7 pp).

Sp størst i Modalen

I Modalen gjorde Sp eit svært godt fylkestingsval. Heile 51,1 5 røysta på Sp, noko som er 18,2 prosentpoeng (pp) meir enn ved valet for fire år sidan.

Ap er nest størst med 15,2 5 (- 8,2 pp).

Resten av listene fekk slik: Folkeaksjonen Nei til mer bompenger får 5,6 % (+ 5,6 pp), Høgre 5,6 5 (- 3,2 pp), FrP 5,1 % (- 3,8 pp), KrF 5,1 % (- 3,2 pp), MDG 4,5 5 (- 5,0 pp), SV 2,8 % (- 1,0 pp), Raudt 1,7 % (+ 0,4 pp), Venstre 1,7 % (+ 0,4 pp), Partiet De Kristne 1,1 % (+ 0,5 pp) og Pensjonistpartiet 0,6 % (+ 0,6 pp).

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.