annonse

Avlyser fiskefestivalen og kulturdagane

AVLYST
AVLYST: Fiskefestivalen og kulturdagane på Stamens er avlyst. (Foto: Arkiv)

Fiskefestivalen og Kulturdagane på Stamnes som skulle vore arrangert til helga, er avlyst.

Esben Hesjedal

Det opplyser Geir Magne Gammersvik i Stamnes Bygdalag. Årsaka er den tragiske ulukka, der to lokale ungdommar omkom på E16 ved Dalegarden sist veke.

– Bygda er i sorg, og det ville blitt feil å køyra arrangementet slik planen var. Alle dei involverte på arrangørsida, både i idrettslaget og bygdalaget, var samstemte om at det er rett å avlysa, seier Gammersvik.

Fredag skulle det vore motbakkeløpet opp til Middagshaugen vore arrangert, medan det laurdag var planlagt kunstutstilling, aktivitetar på kaien og den tradisjonsrike fiskefestivalen. Laurdagskvelden var det lagt opp til underhaldning og musikk i grendahuset Frilund.

– Stamnes er ei lita bygd, og det tragiske som hende med dei to ungdommane påverkar oss alle, seier Gammersvik.

Dei som har kjøpt billettar til arrangementet kan få dei refunderte ved å kontakta arrangøren.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.