annonse

Avslutta god badmintonsesong

FRAMGANG
FRAMGANG: Robert Eriksen fortel om framgang både når det gjeld talet på aktive badmintonspelarar og plasseringar i turneringar denne sesongen. (Arkivfoto) (Foto: )

Esben Hesjedal

BADMINTON: Steffan Tveit vart nummer 2 i herresingle D under Bergen Fana Cup laurdag. Det avslutta ein god sesong.

Stanghelle IL badminton hadde som vanleg bra med deltakarar med i turneringa i Bergen. Steffan Tveit tok to sigrar i innleiande kampar, og vann semifinalen 2-0 over Torstein Vikse Olsen frå Haugesund. I ein jamn finale vart det tap 2-1 for Espen Marås, BSI. Atle Dahle vart nummer 3 etter semifinale-tap 2-1 for Marås. Øyvind Bukkestein vart nummer 5 i same klasse etter 1 siger og 1 tap i innleiande runde.

2.-plass

I herresingle U15B vart Frikk Midtsæter nummer 2, etter to sigrar og tap 2-1 for puljevinnar William Svellingen, Sotra. I same klasse vart Jonas Bukkestein nummer 3, etter 1 siger og 2 tap.

3.-plass

Søndag vart Robert Eriksen og Aina Mogstad, Bergen, nummer 3 i mixed double C, etter 2 sigrar i innleiande runde, og tap 2-1 i semifinalen mot Frode Kristoffersen og Randi Rolfsjord, Askøy.

I herredouble B vart Robert Eriksen og Steffan Tveit nummer 5 etter 1 siger og 2 tap. Same plassering vart det på Atle Dahle og Magnus Seilen etter 2 tap. I herredouble D vart både Stian Lid Lervik/Thomas Fotland og Rolf Andre Karstensen/Øyvind Bukkestein nummer 5 etter 1 siger og 1 tap.

Turnering til hausten

Badmintonsesongen er no over. Det har vore ein god sesong, med stor aktivitetsauke og sportsleg framgang.

– Ja, det har vore ein svært positiv sesong for badminton i kommunen vår. Me får stadig nye medlemmer, både unge og vaksne, og fleire markerer seg i turneringar, seier Robert Eriksen i SIL.

Han fortel at 2017/2018-sesongen startar i september med Sotra Island Cup, før SIL skal arrangera si første store turnering i Turbinen. Denne har fått namnet KraftSmashen. Det skjer i månadsskiftet september/oktober.

– Me hadde elles sist veke besøk av landets største badmintontalent, Markus Barth. Han er 16 år og har vunne NM i sin årsklasse dei siste fire åra. Tidlegare i vår vart han juniornoregsmeister, og før det vart han nummer 3 i herresingle i senior NM. Planen er at han skal koma tilbake til Turbinen igjen til hausten, for det var veldig lærerikt å ha han på besøk, seier Eriksen.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()