annonse

Både Vaksdal og Modalen har fått nye nettsider

NY
NY: Vaksdal kommune si ny nettside. (Foto: Skjermdump)
NY
NY: Modalen kommune si ny nettside. (Foto: Skjermdump)

Vaksdal og Modalen kommunar har, saman med sju kommunar i Nordhordland, samarbeidd om å laga nye nettsider.

Kristine Næss Thorsen

I dag, onsdag, klokka vart nettsidene lanserte.

– Dette kjem først og fremst på plass fordi vi ønskjer å yta betre service til dei som bur og driv næring i kommunane våre, går det fram av ei melding frå rådmennene Jo Bjarte Tømmerbakke i Modalen og Trine Grønbech i Vaksdal.

Mi side

Til forskjell frå dei gamle nettsidene, har dei nye fått ei løysing for «Mi side». Her kan innbyggjarane logga seg på og finna informasjon som er relevant for dei.

– I første omgang kan innbyggjarane finna fakturaene og søkja om betalingsutsetjing her. På sikt vil me få på plass fleire tenester, og me håpar dei nye sidene vil gjera kvardagen enklare for dei som bur og driv næring i kommunane.

Plass til tenester

På dei nye sidene har kommunane gitt meir plass til tenester.

– Det er det dei fleste går til ei kommunal nettside for å finne informasjon om. Språket på nettsidene har også blitt enklare, heiter det i meldinga.

Behovet til innbyggjarane har stått i sentrum for utviklingsarbeidet.

– Innbyggjarane ønskjer i aukande grad tenester på nett som er tilgjengelege på tidspunkt når dei ønskjer det. Det vil kommunane leggja til rette for framover. På nettsidene vil ein enkelt kunne finne informasjon dei treng, seier Grønbech og Tømmerbakke.

SJÅ:

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.