annonse

Badminton heile helga

FØRSTE STORE TURNERINGA
FØRSTE STORE TURNERINGA: – Velkomen til Turbinen og «Kraftsmashen», seier Robert Eriksen, badmintonsjef i Stanghelle IL. (Foto: Esben Hesjedal)

Magne Solhaug

BADMINTON: Over 100 deltakarar frå 10 klubbar skal i løpet av laurdag og søndag til saman spela nær 200 badmintonkampar under «Kraft-smashen» i Turbinen, den første store turneringa til Stanghelle IL.

Robert Eriksen, leiar i badmintongruppa og sentral i arrangørkorpset, gler seg.

– For klubben vår er det å arrangera ei kretsturnering som dette eit naturleg utviklingstrekk. I fjor hadde me ei stor lokalturnering, no tek me det eit steg vidare, seier Eriksen, som ser fram til å ønskja idrettsutøvarar frå fylket velkomen til flotte fasilitetar i Turbinen.

Sju baner

– Det at me i fjor fekk nymerka speleflata med heile sju baner, gjer at me kan arrangera slike turneringar. Men heile dagane går. Både laurdag og søndag vert det badminton frå klokka ni om morgonen til ut på ettermiddagen, fortel han.

Laurdag skal 83 påmelde i singleklassane spela seg gjennom både innleiande runde og sluttspel. Søndag er det dei 52 doublepara sin tur.

Åtte klubbar – og Belgia

Arrangørklubben har naturleg nok med den største troppen. 38 spelarar i frå yngste klasse, som er under 11 år, og opp til og med senior, stiller for Stanghelle IL.

Nest største tropp har Askøy, som kjem til Dale med 20 spelarar. Andre klubbar som skal vera med i «Kraft-smashen» er Rubbestadneset, Stord, Sotra, Bergen, BSI og Djerv. Også internasjonal deltaking vert det i Turbinen. Eline Labey frå Drop Merchtem i Belgia stiller i double

– Velkomen

– Har stanghellespelarane sjanse i dette selskapet. Vil me kunna få lokale klassesigrar?

– Det trur eg me gjer, seier Eriksen, som også håpar at publikum møter opp og får med seg fin i idrett i den fartsfylte nye store lokalidretten.

– Det er gratis inngang, god plass på tribunen, og mykje godt å handla i kafeen, reklamerer badmintonentusiasten i Stanghelle IL.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.