annonse

Badmintonfest i Turbinen

TELJEHJELP
TELJEHJELP: Leon og Felicia var medhjelparar til pappa Atle då talde poeng. (Foto: )
VINNAR
VINNAR: Mathias Terjesen vann sin klasse under Kraftsmashen. Sitjande teljar Robert Eriksen. Bak Atle Dahle (t.v.) og Ole Andreas Dale. (Foto: )
LOKAL FINALE
LOKAL FINALE: Ragnvald Berge (i midten) er like blid sjølv om han måtte sjå seg slått av Karl Martin Valestrand (til høgre) i finalen i D-klassen for senior. Her blir vinnaren av denne reine Stanghelle-finalen gratulert av turneringsleiar Magnus Seilen. (Foto: )
FORNØGD
FORNØGD: Are Eidissen frå Djerv og badmintonkretsen likte seg i Turbinen. Han synest det er positivt at det gror fram eit godt badmintonmiljø på Dale. (Foto: )

BADMINTON: Over 100 spelarar deltok i den første kretsturneringa i badminton på Dale med helga. – Dette var veldig vellukka. Me har fått mykje skryt frå tilreisande for arrangementet, fortel Robert Eriksen i Stanghelle IL, badminton.

  • Magne Solhaug Og Esben Hesjedal

Sjå biletserie her

Frå tidleg morgon til sein ettermiddag både laurdag og søndag var det kampar på dei sju badmintonbanene i Turbinen.Fleire lokale klassesigrar vart det også.

Valestrand vann

I den største singleklassen, D-klassen for senior, var det 16 deltakarar. Her regjerte SIL-spelarar, og Ragnvald Berge og Karl Martin Valestrand spelte seg fram til finale. I ein jamn og spennande kamp, der spelarane først vann kvart sitt sett, trekte Valestrand det lengste strået med 21-15 i det siste og avgjerande settet.

– Slike slitekampar mot ein god motstandar er det ekstra moro å dra i land. Sjølvsagt er det også stas å vinna den første kretsturneringa på heimebane. Heile helga har det yra av liv i Turbinen, og det er veldig positivt, meinte Karl Martin Valestrand.

Lokale klassesigrar

Ein annan lokal klassesiger stod Mathias Tveterås Terjesen for, som vann single U17B.

I seniorklasse D double, var Oliver Klose, SIL, på vinnarparet saman med Tomas Nicolajsen, BSI. Dei slo Stian Lid Lervik og Stian Olsnes frå SIL i finalen.

Robert Eriksen fortel om fleire gode prestasjonar frå lokale spelarar.

– I tillegg til dei tre førsteplassane til SIL så vart det sølv til André Helle i U17B og til Felicia Dahle i U11B. Elles var det bronse til Rolf Andre Karstensen i herresingle D, til Kent Vik og Stig Sellevold i herredouble D. Også Hilde Vik Dale, som spelte i herresingle U17B, vart nummer to, fortel Eriksen.

Tredjeplassar vart det til Karl Martin Valestrand og Atle Dahle i herredouble C, det fekk også Morten Sellevold og Robert Eriksen i same klasse. Aina Mogstad, Bergen, og Robert Eriksen, SIL, fekk også bronse i mixed double A.

– Flotte fasilitetar

Djerv var mellom dei ti klubbane som var representerte i Turbinen. Are Eidissen frå Bergens-klubben spelte sjølv i A-klassen, og han har styreverv i badmintonkretsen. Han synest Stanghelle IL sitt arrangement, og Turbinen, var ei fin oppleving.

– I Turbinen er det flotte fasilitetar, arrangøren har eit solid opplegg og det er god stemning. Det er artig at badmintonsporten brer om seg og vert vist fram på nye stader. I helga har det vore fleire spelarar, både unge og vaksne, som er i Noregs-toppen i aksjon her på Dale, fortalde Eidissen.

– Alt ligg til rette

Han trur på ei lys framtid for den lokale badmintoninteressa.

– I denne fine hallen ligg alt til rette for å vidareutvikla badmintonsporten. Skal ein bli betre, så må ein trena systematisk på slikt som slagteknikk og fotarbeid. Men det kjekke med badminton er at ein relativt raskt ser framgang og auka meistring, og jo flinkare ein blir, jo kjekkare er denne idretten, meinte Eidissen.

Han ser for seg å ta turen til Dale fleire gongar.

– Denne turneringa bør bli ein tradisjon. I tillegg så satsar badmintonkretsen på å leggja ein leir for U11-15-spelarar til Turbinen i mai eller juni neste år.

Badmintonfamilien

Søskenparet Felicia (10) og Leon Dahle (11) var to av dei yngste som deltok i Kraftsmashen. Med pappa Atle som trenar slo dei to unge dalingane godt frå seg i Turbinen med helga.

– Eg synest det er flott at pappen er trenaren vår, då kan me snakka om badmintonting også når me ikkje er på trening, seier Felicia.

Vann over gutane

10-åringen, som vann to og tapte ein av sine kampar på laurdag, er godt fornøgd med eigen innsats.

– Kjekt å vinna over gutane, smiler Felicia, som faktisk møtte gutar i alle sine tre kampar i klasse under 11 år.

Skal heia og eta kake

Eitt år eldre Leon måtte nøya seg med ein siger, og så vart det to tap på han i klassen under 13 år. Litt tøffare motstand der for 11-åringen, som likevel ikkje er fullt så fornøgd som søstera.

– Eg skulle vunne ein kamp til, så hadde me vore like gode. Men dei var veldig flinke dei frå Askøy og Sotra som var med i klassen vår, fortel Leon etter kampane laurdag.

Søndag var søskenparet på plass mellom anna for å heia på pappa Atle og makker Karl Martin Valestrand i double.

– I dag skal me ikkje spela, me skal berre vera her og sjå på. Kjekt det også, fortalde Leon.

– Og så skal me eta kake i kafeen, fleire stykke, smilte Felicia.

Sjå biletserie her
 

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.