annonse

Båtforeininga fekk treskeiprisen

PRIS
PRIS: Stanghellebygda viste at ein set pris på arbeidet Svein Aksel Sellevold og Vaksdal Båtforening gjer med å gje foreininga Treskeiprisen 17. mai. (Privat foto) (Foto: )

Vaksdal Båtforening fekk Stanghelle vellag sin treskeipris.

Esben Hesjedal

Svein Aksel Sellevold tok imot utmerkinga, som tradisjonen tru vart delt ut på Brekkjen 17. mai.

Leiar i vellaget, Ole-Anders Brekkhus, delte ut prisen.

– Båtforeininga har bidrege til at folk lettare kan nyta bygda vår frå fjorden. Det er mykje frivillig arbeid som ligg bak dei nye båtbryggjene nedom jernbanestasjonen, som absolutt er ein pluss for bygda vår, seier Brekkhus.

Båtforeininga har planar om å ytterlegare utvida marinaen.

– Treskeiprisen kan difor sjåast på som eit velfortent klapp på skuldra både for den jobben som er gjort, og det som skal skje framover, seier Brekkhus.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()