annonse

Beklagar VP!

LESARINNLEGG
LESARINNLEGG: Ordførar Eirik Haga kommenterer her at han i formannskapsmøtet måndag i sterke ordelag kritiserte VP for å ha sett på trykk kritiske lesarinnlegg om Vaksdal kommune. (Foto: Arkiv)

Lesarinnlegg av Eirik Haga: Det hender diverre at «naturen overgår opptuktelsen» for meg òg.

Noko av det dummaste ein gjer som politikar er å kritisera media. Når eg i tillegg nytta bannord vert det lagd merke til.

VP har vore til stades i tre møte der me handsama saka om opprusting av delar av heradshuset. Utbrotet mitt var eit uttrykk for at eg var skuffa over at grunngjevinga for opprustinga ikkje har komme klart nok fram i pressa. Eg beklagar utbrotet! Lesarar og journalistar har sjølvsagt uavgrensa ytringsfridom.

Det er eit samrøystes kommunestyre som har vedteke opprustinga.

I fyrste høgda skal me pussa opp lokala til tenestene Helsestasjon og Rus/Psykiatri og i andre høgda til dei som arbeider i staben - mellom anna i heradskassa og i personalavdelinga. Det skal mellom anna leggjast inn ventilasjonsanlegg som stettar krava til godt inneklima samt å bringa branntryggleiken opp på tidsriktig nivå.

I tredje høgda ligg politisk avdeling. Her òg skal inneklima betrast. Vidare skal me leggja til rette for at politikarar og publikum skal høyra og sjå kva som skjer. Det er dårleg akustikk i salen. Folk høyrer dårleg det som vert sagt. Vidare skal me leggja til rette for at innbyggjarar skal kunna sjå og høyra kva som føregår heimanfrå. Dei politiske møta skal «streamast». Såleis vert Vaksdal kommune meir open.

Krava til branntryggleik er strengare i dag enn då heradshuset var nytt på 1950-talet. Byrjar ein fyrst å rusta opp ei seksti år gamal bygning, må ein oppgradera til dagens krav. Det elektriske anlegget må utbetrast og er ein vesentleg del av kostnaden.

Eirik Haga (Ap)

Ordførar

Les også:

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.