annonse

Ber folk om å koka drikkevatnet

VATN
VATN: Vaksdal kommune melder torsdag morgon at vatnet på Dale og Stamnes må kokast. (Foto: )

Torsdag morgon er det sendt ut melding til folk på Dale og Stamnes om at drikkevatnet kan vera forureina.

Kristine Næss Thorsen

I meldinga står det at ein vert tilråda å koka alt vatn som vert brukt til drikkevatn og matlaging.

– Me har fått avvik på vassprøvene og har reist på laboratoriet i Bergen for å ta nye prøvar. Det er prosedyre for Vaksdal kommune når sånt skjer, seier Torstein Mehus, avdelingsleiar kommunalteknisk drift Vaksdal kommune.

– Må få avdekkja

– Kva vil det seia at vatnet kan vera forureina?

– Det betyr at det er høgare resultata på nokon av parameterane i forhold til standarden. Me er pliktige til å senda ut melding når sånt skjer. Det kan vera at det er feil på laboratoriet eller feil på prøvane, men me må få det avdekkja.

– Tilråding

– Kva bør folk på Stamnes og Dale gjera?

– Dei bør koka drikkevatn og vatn dei brukar til matlaging. Det er vår tilråding. Men det er eit kokevarsel og ikkje eit kokepåbod. Påbod er veldig alvorleg, men dette ser ikkje ut som det er det. Difor har me berre sendt ut kokevarsel.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.