annonse

Ber om hjelp for å hjelpa

DELAR UT MAT
DELAR UT MAT: Matvarer som vert delt ut mat til familiar som slit økonomisk. (Foto: privat)

Alexandra Jacobsen og Hege Cathrin Beckholdt frå Facebook-gruppa «Hjelp for å hjelpe Vaksdal, Dale og Voss» stiller opp for folk som slit økonomisk. No håpar dei på hjelp til å skaffa lager og transport.

Kristine Næss Thorsen

I om lag fire år har dei og fleire hjelparar bidrege med å hjelpa kring 200 familiar gjennom Facebook-gruppa «Hjelp for å hjelpe Vaksdal, Dale, Voss». Til dømes delar dei ut mat til familiar som har lite å rutta med økonomisk.

Bilreperasjon

No treng dei bidrag for å halda fram med dei gode gjerningane, som dei for det meste har sponsa med midlar frå eiga lomme.

– Me har brukt eige hus som lager for både mat og klede, men det byrjar å bli trongt, så me treng eit nytt lager i Dale-området. I tillegg hjelpte ein familie med lagring og utlevering inntil nyleg, men dei treng plassen sjølv, seier Jacobsen.

Ho fortel at bilen dei brukar for å køyra maten rundt byrjar å verta sliten, og treng mellom anna nye hjullager.

– Det hadde vore fint om ein verkstad hadde hatt høve til å hjelpa oss å fiksa dette. Me har til dømes mogelegheit til ha reklameskilt på organisasjonen sin bil for verkstaden, eller ei verksemd som kan hjelpa oss, seier ho og fortel at organisasjonen har oppretta Spleis, der ein kan støtta med midlar.

Har vore anonyme

Organisasjonsmedlemmane vil vera minst mogeleg offentlege og ønskjer ikkje at VP publiserer bilete av dei. Årsaka er at dei ikkje vil at familiane som får mat og hjelp skal bli identifiserte som fattige, når dei kjem på besøk. Men sidan det nærmar det seg jul og behovet for hjelp er større enn elles, ser dei seg nøydde til å få inn midlar til å drifta organisasjonen vidare.

– Mange barnefamiliar har verken råd til matpakke til borna eller å ta dei med på aktivitetar som kino og liknande. I periodar har me hatt utleveringar på over eit tonn i veka, fortel Hege Beckholdt.

Ho forklarar at grunnen til dei starta opp, er at dei har erfart fattigdom i nære relasjonar.

– Me såg at mange i nærområdet sleit økonomisk. Dessutan hadde me organisert hjelp før på kvar vår kant.

Har hjelparar

Primært går hjelpearbeidet føre seg i Voss og Vaksdal kommunar. Dei samarbeider med Matsentralen, som delar ut mat til organisasjonar som elles hadde blitt kasta, og får mat frå matbutikkar i nærområdet etter stengjetid.

Jacobsen og Beckholdt fortel at dei også har hjelpt familiar i spesielt vanskelege situasjonar i Bergen, Arna, Stord og Knarvik.

– Fleire har fått ferietur gjennom «Ferie for alle», som me har søkt om for dei. Dei har til dømes vore på Kypros, på vinteropphald på Gol, i Danmark og Kristiansand.

Dei seinare åra har damene hatt mange gode hjelparar med seg.

– Behovet er stort, og me har ikkje lenger høve til å driva det aleine på grunn av eigne helseproblem, fortel Beckholdt.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.