annonse

Besøk på Brann stadion

På biletet ser ein bak frå venstre
FOTBALLTREFF: Vegard Gullbrå Tollefsen, Emil Stamnes Vik, Sander Tysnes Danielsen, Benjamin Johnsen Fenne, Asmerom Berhane, Fredrik Krogsrud, Olav Solhaug, Mats Amundsen Winterstø, Mads Helle, Andreas Bolstad Hesjedal, trenar Ståle Hesjedal, Robin Kydland Eriksen og Morten Horvei. Framme Deyver Vega, Sivert Heltne Nilsen, Torgeir Børven, Daniel Braaten, Bismar Acosta og gutetrenar Robert Eriksen. (Foto: Rune Soltvedt)
OMVISING
OMVISING: Sportssjef i Brann, Rune Soltvedt (midt i biletet), viste dei lokale G14-spelarane rundt på Brann stadion. (Foto: Jonas Grønner)

Stanghelle/Dale/Vaksdal sitt gutar 14-lag har hatt ein litt tung haustsesong. Då sportssjef i Brann, Rune Soltvedt, høyrde dette inviterte han laget på besøk til Brann stadion.

Dagen før Rosenborg vart motstandar i Bergen, fekk fotballgutane eit innblikk i korleis livet som Brann-spelar artar seg.

I tillegg til ei omvising inne på stadion av stanghellingen Soltvedt, fekk gutane oververa Brann si trening. Etterpå tok mange av spelarane og trenar Lars Arne Nilsen seg god tid til både ein prat og fotografering saman med dei lokale gutane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.