annonse

Biene sin hemmelege parestad

FANGAR DRONNINGA
FANGAR DRONNINGA: Når dronninga er ferdig med å leggja egg, blir ho fanga i ein behaldar og sendt vidare til andre birøktarar. (Foto: )
PARADIS FOR BIER
PARADIS FOR BIER: - Området ligg beskytta og her er ingen andre kuber i nærleiken, seier birøktar Alf Helge Søyland om parestasjonen for bier langs gamlevegen mellom Dale og Helle. Til høgre Filip Simjanoski i full sving med å sjå til biene. (Foto: )
RØYKPUSTAR
RØYKPUSTAR: For å gjera biene rolege, blir kuben pumpa med røyk frå ein slik røykpustar. (Foto: )
SATSAR STORT
SATSAR STORT: Alf Helge Søyland (til høgre) har bikuber mange stader i Hordaland. Filip Simjanoski er med på sommarjobb. (Foto: )
: Bier birøkting gamlevegen alf helge søyland parestasjon avl (Foto: )
: Bier birøkting gamlevegen alf helge søyland parestasjon avl (Foto: )

Ved gamlevegen mellom Helle og Dale vert nokre av dei beste biene i landet avla fram. I over 30 år har førsteklasses biedronningar blitt sette ut her.

Stine Strand Carlsen

– Det er ikkje mange slike parestasjonar i Noreg. Kanskje to i kvart fylke, seier birøktar Alf Helge Søyland frå Milde.

Søyland driv eigen bigard, og haustar inn honning frå mange delar av Hordaland. Han er også oppteken av avl, og kvar sommar sett han ut biedronningar i kassettar langs gamlevegen mellom Dale og Helle.

– Det er to grunnar til at dronningane vert plasserte nettopp her. For det første er dette ein veldig beskytta stad der biene får vera i fred. For det andre er det ingen andre som driv med birøkting i området, slik kan me sikra ein reinpara rase, seier Søyland.

Nasjonalt avlsprogram

Fleire birøktarar frå Bergen nyttar parestasjonen ved gamlevegen. Avlsarbeidet er støtta av Norges Birøkterlag, og birøktarane får utlevert avlsmateriale direkte frå dei beste avlsdronningane i landet. Rasen som blir dyrka fram ved gamlevegen heiter Kranierbier.

– Kranierbier er kjende for å vera veldig snille og for å ha gode produksjons-eigenskapar. Dei byggjer seg raskt opp om våren og er tilpassingsdyktige, seier Søyland. Han sette ut ni dronningar i små parekassettar på ei lita fjellhylle i nærleiken av Helle i mai. Litt lenger borte, ved jernbaneovergangen ved Dalebryggja, plasserte han hannbiene, også kalla dronar på fagspråket.

– Eg kjem og ser til dei ein gong i veka, og det ser ut som dei trivest her. Dei skal få stå ut juli, før eg leverer dronningane tilbake til andre birøktarar og haustar inn honningen. Her i området lagar biene for det meste honning av lind, bringebær og bjørnebær, som er god og mild på smak.

Passar på biene

Når VP treff Søyland, skal han sjå til biene. Han har med seg Filip Simjanoski frå Makedonia, som har sommarjobb ved Arboretet og botanisk hage på Milde. Dei opnar bilen og dufta av søt honning legg seg som eit slør i lufta. Bak i varebilen har dei med seg fleire små dronningkasettar som skal plasserast på Voss.

Dei tek på seg dei karakteristiske kvite birøktardraktene med hatt og netting framføre ansiktet, og er ikkje heilt ulike astronautar der dei går opp over fjellsida. Først er det dronningane sin tur. Søyland har med seg ein såkalla røykpustar fylt med treflis som han har tent på. Han pumpar ut røyken over kassettane.

– Røyken gjer biene rolege, det blir som ei slags bedøving, seier han.

Tek dronningane vidare

Birøktarane sjekkar alle kassettane. Dei biene som har lagt egg, blir merka og lagt i små behaldarar, før dei skal vidare til Voss for å vera avleggjarar for nye kubar. Dronningane blir erstatta med nytt avlsmateriale i kassettane.

– Dette er ein god måte å gjera det på for å sikra ei effektiv avl. Her plasserer me ei celle som etter kvart kryp ut og blir godtatt i flokken, før nye egg vert lagde, seier Søyland.

Etterpå går turen ned mot Dalebryggja, der kubane med hannbier står.

– I det siste har det vore veldig dårleg vêr, så det har ikkje vore optimale forhold for biene å sanka nektar. Difor må me mata dei med ein form for sukker. Dette vert ikkje omgjort til honning, men hjelper biene å overleva når vêret ikkje er på vår side, seier han medan han fyller på sukker i kubane.

Viktig for plantefloraen

Søyland synest det er rart at ikkje fleire driv med birøkting i Vaksdal kommune.

– Eg veit ikkje om nokon som driv med birøkting her. Det er gode forhold for birøkting mange stader, men det krev litt kunnskap og sjølvsagt at ein har tid til det.

For han er det uansett positivt at det ikkje er andre bier i nærleiken.

– Biene flyg ikkje lenger enn om lag 5 kilometer frå kuben, så at det ikkje er andre bier innanfor den radiusen, er bra for avlsarbeidet me gjer her. Elles vil eg oppmoda folk til å ta vare på biene og kanskje også starta med birøkting sjølv. Bier er så viktige for resten av plante-floraen.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.