annonse

Biografi om Harald Stanghelle

I SPEGELEN
I SPEGELEN: Harald Stanghelle vil måtta sjå seg i spegelen når det vert skrive biografi om han. (Foto: Esben Hesjedal)
I HEIMBYGDA
I HEIMBYGDA: Harald Stanghelle (t.h.) viste nyleg Bo Brekke rundt på Stanghelle i samband med at Brekke skal skriva ein biografi om han. (Foto: Esben Hesjedal)

I samband med at Bo Brekke skal skriva ein biografi om Harald Stanghelle sitt liv, ønskte han å besøkja heimbygda til Stanghelle.

Esben Hesjedal

– Harald Stanghelle har levd eit svært interessant liv, og ei bok om han vil også kunna seia noko om tida han har levd i, seier Bo Brekke.

VP treff Harald Stanghelle og NRK-journalisten Brekke utanfor «heimehuset» til Harald, like ved E16-krysset i bygda. Huset er rett nok ikkje i Harald si eiga lenger, men det er like fullt eit naturleg møtepunkt og stad for mimring.

Går av som redaktør

Harald Stanghelle kunngjorde nyleg at han snart går av som redaktør i Aftenposten. Han vil halda fram med å skriva og meina, men vil nytta tida si til andre ting enn «berre» å vera tilsett i Aftenposten.

– Då eg ringde Harald for å spørja kva han syntest om ideen om å skriva ein biografi om han, så reagerte han med undring. Skal du skriva om meg? spurde han kontant, fortel Brekke.

– Ja, eg må vedgå at eg vart overraska og reagerte på prosjektet hans med tvisyn. Tanken om at nokon kunne finna på å villa skriva ein biografi om meg, hadde ikkje streifa meg. Men eg har sagt ja til dette. Det vil seia at eg har sagt ja til å ha samtalar med Bo, svara på spørsmål og han skal få tilgang til store delar av arkivet mitt. Men dette er hans prosjekt, og på mange måtar hans problem, humrar Stanghelle.

Biografi

Når det gjeld biografiar, er det ulike typar. Frå sjølvbiografiar som vert skrivne av den portretterte sjølv og autoriserte som vert godkjende av den som er omtalt, til dei uautoriserte i den andre skalaen som kan verta skrivne mot hovudpersonen sin vilje. Boka som no er under arbeid, plasserer seg kring midten av denne aksen.

– Harald skal få høve til sitatsjekk, det eg meiner er hans fulle rett. Det eg siterer han på skal vera riktig. Det vil også vera slik at hans versjon av mogleg konfliktfulle ting vil komma fram. Han vil dessutan få lesa det eg har skrive først, men han vil ikkje kunna endra og stryka. Det er min tekst, seier Brekke.

Ikkje berre solskin

– Kan det komma ting i boka som Harald helst skulle sett at ikkje vart omtalt?

– Det kan nok henda. Han har jo vore involvert i konfliktar, til dømes i yngre år anten det var i forholdet til foreldra eller skulen. Han har jo frå tid til annan vore omstridd, og har nok gjort feilsteg i livet så berre ei hyggeleg solskinshistorie vert det nok ikkje. Men målet med denne biografien er jo ikkje å «ta» Harald på noko vis, seier Brekke som til dagleg jobbar i kulturavdelinga i NRK og tidlegare har skrive biografi om Tron Øgrim.

– Eg trur nok det er like greitt at denne boka ikkje kom ut medan mor levde, seier Harald sjølv om saka.

Knytt til heimstaden

Stanghelle og Brekke tok sist veke seg ein biltur frå Oslo til Stanghelle.

– Det var veldig naturleg å ta ein tur til Stanghelle for å sjå kvar Harald vaks opp og har røtene sine. Heldigvis sa han ja til det, smiler Brekke.

Stanghelle på si side meiner det var viktig å visa Brekke heimbygda si, då den har betydd så mykje for han.

– Eg er veldig klar på at eg ikkje kom frå Stanghelle, eg kjem frå Stanghelle. Eg er framleis svært knytt til Stanghelle og Vaksdal kommune. Og kanskje er det ikkje så dumt at det regnar og at tåka ligg lågt, slik ho gjer på Stanghelle i dag. Stanghelle er ikkje noko utelukkande solskinshistorie, verken meteorologisk eller i overført betydning, seier Harald.

– Kva vil du visa fram?

– Det handlar om å gje Bo eit innblikk i alt frå husa eg har budd i til menneska her, samfunna Stanghelle og Dale som eg vaks opp i og ber så preg av. Heilt konkret så skal me mellom anna nedom gravplassen, jernbanestasjonen der eg budde før me flytta til husværet over butikken på Døso og heimehuset her me no står. Eg var mykje heime på Stanghelle fram til 2008, då mor døydde, og eg har framleis vener eg held kontakt med ulike stader i Vaksdal, seier Harald.

– Eit interessant liv

Boka som Bo Brekke skal skriva er planlagt å komma ut hausten 2019.

– Kvifor vil du skriva ein biografi om Harald Stanghelle?

– Harald har jo levd eit interessant liv, og gjer det framleis. Han har vore med på svært mykje spennande journalistisk, som samtidig vil kunna seia noko om nyare norsk historie. Harald har stått midt opp i ei omskifteleg tid som journalist og redaktør, han har i snart ti år vore leiar i Norsk Redaktørforeining og har kunna følgja med på samfunnsutviklinga frå første rad. Demokratiet er i fare utan ei fri presse, og det er bekymringsfullt at ein del ikkje ser skilnad på journalistikk og kommentarfelta på nettet. Det er fort gjort å bli historielause, seier Brekke.

Fascinert

Brekke har late seg fascinera av den unge Harald Stanghelle.

– Han fekk jo med seg elevane på ungdomsskulen til streik mot normerte prøvar. Og som 13-åring dekka han kommunestyremøte for avisa Dagen. Det er rimeleg spesielt. Harald var noko for seg sjølv, det er det ingen tvil om, seier Bo Brekke.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.