annonse

«Brannmenn mot kreft»

FOKUS PÅ KREFTSAKA
FOKUS PÅ KREFTSAKA: Dalingen Rune Kristiansen, som jobbar i Bergen Brannvesen, hadde med seg den rosa brannbilen på Geitabakken i helga. (Foto: Magne Solhaug)

Organisasjonen «Brannmenn mot kreft» var på plass på Geitabakken med ein fullt utstyrt rosa brannbil i helga.

Stine Strand Carlsen

Initiativtakaren til å få den rosa brannbilen til Dale var dalingen Rune Kristiansen, som til dagleg er brannmann i Bergen Brannvesen.

Ei utsett yrkesgruppe

– Rune tok kontakt med oss og spurde om me kunne setja fokus på kreftsaka under Vertshuscupen. Det sa me sjølvsagt ja til. Brannfolk er dessverre ei svært utsett risikogruppe når det gjeld kreft, seier utrykkingsleiar i Vaksdal brannvern, Morten Svarstad.

Under Vertshuscupen blei det selt T-skjorter, armband, capsar og medlemskap til organisasjonen.

– Alt går til ei god sak, og det er fint å kunna bidra på denne måten, meiner Svarstad.

Støttekonsert

Rune Kristiansen er godt fornøgd med merksemda denne saka har fått i det siste.

– For oss er dette ei svært viktig sak, sjølvsagt. Det gjeld helsa vår, seier brannmannen frå Dalegarden, som fortel at til hausten skal det vera ein støttekonsert i Bergen der all inntekt går til saka. Far til Rune, Nils Magne Kristiansen, er med på å arrangera, og han har mellom anna fått De Musikalske Dvergene og Twang Gang til å stilla opp.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.