annonse

Buss for tog på dagtid

BUSS FOR TOG
BUSS FOR TOG: Den neste tida vert ein del togavgangar bytta ut med buss. (Foto: Arkiv)

Frå tysdag denne veka til og med torsdag 19. april skal Bane NOR arbeida på jernbanen mellom Voss og Bergen.

Kristine Næss Thorsen

Det blir sett opp buss for tog mellom klokka 9.10 og 14.55.

Reisande til Arna må ta bussen frå perrong K på Bergen busstasjon. Alle som skal reisa med lokaltoget vidare langs jernbanen skal møta utanfor togstasjonen.

– Sjekk nsb-appen

– Det er lurt å sjekka nsb-appen eller nsb.no for eksakt rutetid, sidan buss og tog ikkje går like fort, oppfordrar Henning Lirhus i NSB.

For regiontoget til Oslo køyrer bussane før den vanlege rutetida, slik at toget kan gå i rute frå Voss. Bussane for Oslo-passasjerane går utanfor togstasjonen.

Forbode å på sporet

I arbeidsperioden arbeidar Bane NOR mellom anna med Ulriken tunnel, der dei skal oppretta tverrpassasjar mellom den nye og den gamle tunnelen. Det vert kontroll av signalanlegg på Bergen stasjon, i Ulriken tunnel og på Arna stasjon.

Det elektriske anlegget langs banen skal kontrollerast og haldast ved like, og det vert kontroll av naudlys i tunnelar. Fleire spor på Bergen stasjon skal få nye sviller.

Bane NOR minner om at det er farleg og forbode å ferdast i eller nær sporet. Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det koma arbeidstog på sporet når som helst.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.