annonse

Byte av 1. mai-talar på Dale

VAKSDAL 2018
VAKSDAL 2018: Flaggborga i 1. mai-prosesjonen på Vaksdal i fjor. (Foto: Arkiv)

Marthe Mjøs Persen skulle ha halde 1. mai-tale på Dale. Men Bergensordføraren kjem ikkje slik planen var.

Magne Solhaug

For Ap sin nestleiar, Hadia Tajik, som skulle halda 1. mai-tale i Bergen har måtta melda forfall grunna sjukdom. Dermed har Persen fått i oppdrag å vera hennar erstattar i Bergen.

– Til Dale kjem i staden Eigil Knutsen. Han sit på Stortinget for Hordaland Ap, og er medlem av arbeids- og sosialkomiteen, opplyser leiar i Vaksdal Arbeidarparti Magne Hestad.

Tradisjonelt

Det vert tradisjonsrik og tradisjonell 1. mai-feiring både på Dale og Vaksdal.

Prosesjon, parolar, kransenedlegging og talar er noko av innhaldet også i 2019-markeringa av 1. mai.

SV-politikar på Vaksdal

På Vaksdal er det Vigdis Vestvik, SV-politikar og organisasjonsarbeidar i NNN i Hordaland, som skal halda talen for dagen.

Gode vêrmeldingar

Både på Dale og Vaksdal har oppslutninga om 1. mai halde seg, bygdefolk og tilreisande har i alle år slutta opp om markeringa. I år er det kanskje ekstra god grunn til å tru på mange folk i begge bygdene, vêrmeldingane for dagen er nemleg gode. Lettskya og gode vårlege temperaturar vert det lova.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.