annonse

«Condoren» er kome heim til Eksingedalen

UTSTILLINGA
UTSTILLINGA: Mange tok turen til Turbinen, då Condor-utstillinga stod her i april 2015. Kåre Trefall til venstre i biletet. (Arkivfoto) (Foto: )

Vandreutstillinga «Condoren på Kvitanosi» vert no lagra på Eksingedalen skule. Eksingedalen bygderåd ønskjer å få opp utstillinga permanent på Gullbrå.

Stine Strand Carlsen

– Utstillinga har det siste året vore nedpakka ved Herdla museum. Dei hadde ikkje plass til å lagra den lenger, og heile utstillinga stod i fare for å verta destruert på grunn av plassmangel. Det kunne me ikkje lata skje, seier utflytta eksingedøl Kåre Trefall, som har engasjert seg i mange år for å få fram historia om flystyrten på Kvitanosi under 2. verdskrig.

Dramatisk historie

Denne dramatiske hendinga skjedde 3. juledag 1942, då eit tysk krigsfly styrta på Kvitanosi, ein fjelltopp som ligg mellom Gullbrå og Brekkhus. Av eit mannskap på seks, omkom fire.

Historiene er mange om korleis eksingedølane hjelpte til med å finna dei attlevande soldatane i fjellheimen, og om den strabasiøse ferda med å frakta lika ned frå fjellet og heile vegen til Bergen.

Sju meter lang

Etter mange år med dokumentering, blei det laga ei utstilling om hendinga i 2014.

– Det var Hordaland fylkeskommune som sto bak utstillinga, så vart ho laga av flinke folk på Herdla museum, seier Trefall, som sjølv har vore aktiv i å samla inn dokumentering til føremålet.

Utstillinga er laga inn i ei sju meter lang modell av den eine flyvengja på Condoren. Ved å gå rundt flyvengja får ein heile historia om flystyrten dokumentert med filmsnuttar, animasjonar, delar av flyet og skriftleg materiale.

Utstillinga har vore ei vandreutstilling som har vore innom Voss, Bodø luftfartsmuseum, Televåg og Sola. I april 2015 var utstillinga å sjå i turbinen på Dale, der mange synte interesse for den historiske hendinga.

Mange planar

I byrjinga av juni reiste Kåre Trefall saman med broren, Jon, til Herdla for å henta utstillinga. Dei køyrde kassane heim til Eksingedalen skule, der materialet no står lagra,

– Me kunne ikkje risikera at utstillinga kunne verta destruert på grunn av plassmangel, så då tok me saka i eigne hender. På skulen i dalen står ho trygt inntil vidare, seier Trefall.

Ønsket hans saman med Eksingedalen Bygdaråd er å få opp utstillinga på Gullbrå.

– Det er for gale at ei så flott utstilling berre står nedpakka i kassar. Me har vore i dialog med nokon som eig eit gammal geitefjøs oppom Gullbråfossen, og vurderer å byggja om dette til ein stad utstillinga kan stå permanent. Tanken er at utstillinga kan vera tilgjengeleg på vår og sommaren, og at folk kan få tilgang via ein nøkkel som dei hentar ut. Men det er klart, me er berre i planleggingsfasen, og har ikkje bestemt det praktiske rundt dette enno.

Søkjer om midlar

Men til dette prosjektet trengst det pengar.

– Me kjem til å søkja ulike instansar om midlar, og har eit håp om å få dette opp og gå om eit par år. Dette er ein viktig og interessant del av Eksingedalen si historie, som me må ta vare på, avsluttar Trefall.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.