annonse

Då Netflix kom til Modalen

HEMMELEG
HEMMELEG: I huset i Mostraumen er det stor aktivitet med innspeling, men media blir halde vekke. Kanskje sit Emma Watson og Guy Pearce i kulissene? ( (Foto: Stine Strand Carlsen)
– SPENNANDE
– SPENNANDE: Butikksjef Roger Fure har utvida opningstidene for produksjonen. – Ei slik happening har me kanskje berre ein gong i Modalen, og då gjeld det å vera til hjelp, seier han. (Foto: )
FULLT BELEGG
FULLT BELEGG: Egil Kristjansson ved Mobryggja Apartments har fulle hus og travle dagar. – Dette er kjærkoment etter ein laber sommarsesong, seier han. (Foto: )
– STORT
– STORT: – Dette er nok det største som har skjedd i Modalen nokon gong, seier kameratane Dennis Aleksander Henriksen (til venstre) og Stian Sjøholm, som går i 9. og 10. klassen ved ungdomsskulen på Mo. (Foto: )
STOR PRODUKSJON
STOR PRODUKSJON: Fleire fraktebåtar og brakkeriggar ligg ved nordsida av Mostraumen. Det er også laga til ein stor opplyst gangbru heilt mot det gule huset i Mostraumen. (Foto: )
TILDEKT
TILDEKT: Autovernet ved Skjeljaneset er tildekt med naturtrue striedukar. (Foto: )
RESERVERT
RESERVERT: Parkeringa ved Bryggjeslottet er reservert til produksjonen. (Foto: )

Hemmelege innspelingsstader, medieforbod, reservert parkering, fullsette overnattingsstader og internasjonale kjendisar. Modalen er snudd heilt på hovudet under innspelinga av Netflix-serien «The Innocents».

Stine Strand Carlsen

– Dette er frykteleg spennande, og noko alle pratar om for tida. Dei spelar inn frå tidleg morgon til seint på kvelden. I 20-tida kjem dei inn til kai, og då er sentrum og bryggja full i folk. Det er ikkje eit kvardagssyn på denne tida av året, seier butikksjef Roger Fure ved Coop Modalen.

Sjølv har han utvida opningstidene til butikken i perioden dei speler inn Netflix-serien.

– No held eg ope til halv ni på kvelden slik at dei skal rekkja butikken før dei går på romma sine. Dei har fått nytta lageret til butikken, og skal også spela inn ein sekvens i butikken neste veke. Det gler eg meg veldig til, seier Fure.

Store namn

Det er den islandske filmgiganten TrueNorth som spelar inn den britiske serien på vegner av verdas største strøymeteneste, Netflix. Førre veke avslørte Bergens Tidende at Guy Pearce er mellom hovudrolleinnehavarane, men folket i Modalen veit meir.

– Eg har høyrt rykte om at Emma Watson er med, ho skal vera observert ute i fjordane her, seier ein mann som vil vera anonym til VP. Emma Watson er ein av dei største britiske skodespelarane, som mellom anna er kjent som Hermine i Harry Potter-filmane og som Belle i nyinnspelinga av Disney-klassikaren Skjønnheten og Udyret.

Heilt fullt

I sentrum står bilane tett i tett på reserverte parkeringsplassar, og dei lokale overnattingsstadene er heilt fulle. Egill Kristjansson ved Mobryggja har nok å hengja fingrane i.

– Her har det vore fullt sidan midten av september. Også Modalen Lodge & Camping og andre lokale overnattingsstader i Modalen og Eksingedalen er heilt fulle. Etter ein dårleg sommarsesong med lite gjestar, er dette veldig kjærkome, seier han.

Kristjansson, som sjølv er islending, fortel at han faktisk arbeidde i TrueNorth før han flytta til Modalen med kona.

– Eg arbeidde i reklameavdelinga der, og kjenner mange av dei som er her no. Så dette er veldig spesielt og moro, seier han.

– Er du litt av grunnen til at dei har valt Modalen som innspelingsstad, trur du?

– Nei, ikkje i det heile tatt. Dei har vore på ein omfattande rundtur på Vestlandet, og plukka ut dei stadane som dei synst var flottast. Og då valde dei Modalen. Livet er fullt av tilfelle, smiler han.

Celebert besøk

Sist veke fekk Mobryggja også celebert besøk.

– Guy Pearce var her og åt ein betre middag. Han var imponert over både maten og området, seier Kristjansson.

Også fleire private i Modalen har opna opp heimane sine for produksjonen, i mangel på overnattingsstader. Nokre av dei er ekteparet Sigmund og Signy Vikane på Otterstad.

– Me har opna bed & breakfast og har ein heil gjeng buande her. Me har skrive under på ein avtale og får ikkje lov å røpa så mykje, men det heile er veldig kjekt, seier ekteparet.

Dei synest dette er svært positivt for Modalen.

– Det skapar mykje liv og røre, og så blir det kjekt å sjå kvar dei har filma når serien kjem ut. Dei har filma lenge i Mostraumen, og me veit at dei mellom anna skal til dammen ved Steinsland. Kanskje dette vil få så store ringverknader at folk strøymer til Modalen etter dette. Det vert spennande å sjå, seier Sigmund Vikane.

Seier nei til media

VP har fleire gonger vore i kontakt med produksjonen rundt storinnspelinga, men kvar førespurnad om å vera med på settet har blitt avslått.

– Me har fått veldig mange mediehenvendelsar, men har avslått alt. Dette er med omsyn til skodespelarane og tematikken i serien, seier produksjonskoordinator i TrueNorth, Linda Gjerdrum.

I Modalen ryktast det også at tittelen på serien, «The Innocents», ikkje er den ekte.

– Dette er berre ein arbeidstittel. Det skal verta veldig moro å sjå kva denne serien eigentleg er for noko, seier Roger Fure.

Stor aktivitet

VP tek turen til Skjeljaneset, som ligg rett overfor Mostraumen, der mykje vert filma. Aktiviteten er stor på den andre sida av straumen ved det gule huset. Filmfolk spring fram og tilbake mellom lyskastarar, reflektorar og filmtraller. Nokre rop kan høyrast no og då, men det er uråd å sjå kven som er på andre sida. Kanskje er Guy Pearce og Emma Watson ein av dei i kulissane?

Det fleire hundre meter lange autovernet ved Skjeljaneset er dekt til med naturaktige striedukar, så at serien skal førestilla ei anna tid, er naturleg å tenkja seg.

Fleire fraktebåtar og rib-båtar ligg til kai på nordsida av straumen der ein har rigga seg til med ein stor brakkeleir, eigne kokkar og ei lang gangbru heilt inn mot huset i Mostraumen.

Kjelder fortel at skodespelarane blir frakta fram og tilbake til Alver Hotell i Alversund utanfor Knarvik.

– Største nokon sinne

Sigmund Elias Holm, leiar i Vestnorsk Filmkommisjon, var ein av dei som synte Netflix-produksjonen rundt på Vestlandet, og kunne røpa litt i forkant av innspelinga.

– Dette er ein dramaserie med ein overnaturleg tvist. Produsentane ville ha ein trolsk og urørt stad, og då passa Modalen perfekt, sa den løyndomsfulle Holm for eit par månadar sidan til VP.

Han avslutta med å seia at dette truleg er den største internasjonale innspelinga på Vestlandet nokon sinne. Så får me sjå. Me ventar i spenning.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.