annonse

Dale sikra opprykk, Vaksdal med ny siger, damelaget spelte uavgjort

UAVGJORT
UAVGJORT: Tonny Tysnes skåra tre mål for Dale, men det vart poengdeling mot Sleipner. (Foto: Esben Hesjedal)
ÅTTE STRAKE
ÅTTE STRAKE: Vaksdal har ikkje tapt sidan Daledagskampen på Geitabakken. Her Andreas Eide Søberg på veg gjennom. (Foto: Arkiv)
NESTEN
NESTEN: Pia Dahle Skjerveggen og damelaget til Dale spelte ein god kamp, men måtte nøya seg med uavgjort mot Ask. (Foto: Esben Hesjedal)

FOTBALL: Med uavgjort 4-4 mot Sleipner søndag, er Dale sitt herrelag klare for 5. divisjon neste år. Vaksdal vann same dag 4-0 over NHH 2, og ligg godt an til å slå følgje med Dale opp ein divisjon. Dale sitt damelag spelte 3-3 mot tabelltopp Ask.

Esben Hesjedal

Alle seniorlaga i Vaksdal kommune var i aksjon søndag. På Geitabakken var Dale sine spelarar skuffa over å gje frå seg poeng mot Sleipner, i ein kamp dei burde ha vunne. Dale leia 2-0 i første omgang, men like før pause slapp heimelaget bergenslaget inn att i kampen med to lettkjøpte mål.

I andre omgang vart det også to mål til kvart av laga. 4-4-skåringa til Sleipner kom etter eit omdiskutert straffespark. Tonny Tysnes skåra tre av Dale sine mål, eitt av dei på straffespark, medan Preben Sandvik sett inn ei skåring direkte frå corner.

Opprykk

Eitt poeng var nok til å sikra at Dale ender på ein av dei to opprykksplassane. berre Vaksdal kan no ta igjen Dale.

– Kampen mot Sleipner vart rotete, og det er veldig surt at me ikkje fekk med oss alle poenga. Me gler oss sjølvsagt over at opprykket som var sesongens store mål er sikra, og no skal me førebu oss godt til lokaloppgjeret mot Vaksdal om to veker, sa Preben Sandvik etter kampen.

Åtte strake

Vaksdal forlenga sigersrekkja og tok sin åttande strake trepoengar ved å slå NHH 2 4-0 i Bergen. Til pause stod det 0-0, og alle måla kom i løpet av den siste halvtimen av kampen. Lars Erik Bolstad Vasstveit sende Vaksdal i leiinga med ei heading etter corner. Så følgde Mathias Dale (2) og Stian Berg opp, slik at sluttresultatet vart solide 4-0.

– Me var heldige som ikkje låg under til pause, for då hadde me eit solid press imot oss, mest grunna sterk vind. Keeper Odd Andre Boge heldt oss då inne i kampen med fleire gode redningar, seier trenar Rune Herfindal.

Men i 2. omgang var det Vaksdal som styrte det meste.

– Etter pause var me gode. Eg har tidlegare sagt at Andreas Søberg har skåra årets mål, men det må eg trekkja tilbake. For Stian Berg si 3-1-skåring var fantastisk. Han skaut frå 40 meter, og det var ikkje boge på ballen, han berre fauk i mål like under tverrliggjaren, fortel Herfindal.

Spennande innspurt

Han ser fram til dei tre siste kampane, der Vaksdal må ha ein siger for å vera sikre på å følgja Dale opp i 5. divisjon.

– 14. oktober er det lokaloppgjer Vaksdal-Dale, og det vil passa bra å ta den sigeren då og samtidig gå forbi Dale på tabellen, smiler ein offensiv Rune Herfindal.

Uavgjort mot topplaget

Dale sitt damelag var nær å slå topplaget Ask og ta over tabelleiinga, men hadde ein svak avslutning på kampen på Geitabakken søndag kveld.

Sluttresultatet vart 3-3, etter at Dale leia 3-1 til pause.

Dale starta best, og spelte ein god 1. omgang. Ingeborg Haga og Emilie D. Skjerveggen styrte Dale sitt offensive spel, men det var Alexandra Fenne som sende heimelaget i leiinga. Ho drog seg fint fri rundt 16-metersstreken, og skaut i næraste hjørne utan sjanse for keeperen til Ask. Men like etter utlikna bortelaget. Før pause var Emilie D. Skjerveggen frampå to gongar. 2-1-skåringa var eit flott skot frå trengt posisjon.

To kjappe mål

Dale heldt leiinga etter pause fram til fem minutt var att av kampen. Då skåra Ask to kjappe mål, og det var eit skuffa heimelag som gjekk av bana. Trenar Bjørn Skjerveggen tek på seg mykje av skulda for at det ikkje vart siger.

– Det vart nok for mykje bytter mot slutten, det ser eg i ettertid. Men jentene skal ha ros for ein kjempegod kamp, der dei var best. Berre så synd me ikkje fekk med oss alle poenga, seier Skjerveggen.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.