annonse

Daledagane er i gang

TÅLAR LITT REGN
TÅLAR LITT REGN: Marielle Selin Ucar, Maja Zivkovic og Sandra Madsen synest det er kjekt med Daledagar uansett vêr. (Foto: Stine Strand Carlsen)
KONFRANSIER
KONFRANSIER: Ingve Lunde Hesjedal ønska folk velkomen til Daledagane frå utescena. (Foto: Stine Strand Carlsen)
DANSA I REGNET
DANSA I REGNET: Surt vêr til tross, seniordansarane haldt varmen ved utescena. (Foto: Stine Strand Carlsen)
GRAFITTI
GRAFITTI: Veronika Simmenes Wiers (fremst) og Tove Svensson er grafittikunstnarar i undergangen ved sidan av Blåveisen. (Foto: Stine Strand Carlsen)
BACALAO
BACALAO: God stemning i bacalaoteltet til Stein Inge Carlsen og Lise Simmenes, som serverer mat for første gong på Daledagane. (Foto: Stine Strand Carlsen)
SONG DALESONGEN
SONG DALESONGEN: Flinke born frå Dale barneskule song Dalesongen på utescena. (Foto: Stine Strand Carlsen)
PARAPLYVÊR
PARAPLYVÊR: Det vart ein del regnbyger ut over dagen fredag. (Foto: Stine Strand Carlsen)
VART HEIDRA
VART HEIDRA: Tidlegare leiar av Daledagsnemda, Ole Johnny Domben, vart heidra for sitt engasjement for Daledagane. (Foto: Stine Strand Carlsen)
KULTURSTIPEND
KULTURSTIPEND: Oda Kristine Øygard Steinkopf (17) fekk utdelt Vaksdal kommune sitt kulturstipend av varaordførar Sigmund Simmenes. (Foto: Stine Strand Carlsen)
OPNA FESTEN
OPNA FESTEN: Ordførar Eirik Haga opna Daledagane 2017. (Foto: Stine Strand Carlsen)
KULTURPRIS
KULTURPRIS: Morten Skage fekk kulturprisen for sitt engasjement i musikklivet i Vaksdal. (Foto: Stine Strand Carlsen)
KARNEVALSTOG
KARNEVALSTOG: Mange stilte i høglytt karnevalstog i rengvêret. (Foto: Stine Strand Carlsen)
MANGE UTKLEDDE
MANGE UTKLEDDE: Mange born hadde kledd seg ut i toget. Her er Kasper Lie Andersen som Darth Vader. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Litt regn stoppa ikkje folk frå å ta turen i Gatå på opningsdagen til Daledagane.

– Litt regn tålar me, me er jo trass alt frå Bergen, seier Marielle Seline Ucar og Sandra Madsen.

Dei blide 16-åringane er med ei litt meir lokal jente på Daledagane, nemleg Maja Zivkovic frå Vaksdal.

– Eg pleier alltid ta meg ein tur på Daledagane, her er god stemning uansett, seier Maja.

Daledagane held fram med sitt rikhaldige program både i dag og i morgon. Sjå biletserie frå arrangementet her!


Sjå biletserien i galleriet her. 

sc@vaksdalposten.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.