annonse

Dan­sa ung­dom­me­leg liv i gam­le salmar

IMPONERTE
IMPONERTE: Robin Kydland Eriksen, Veronika Simmenes Wiers, Vilde Langhelle og Morten Johannes Horvei song saman. (Foto: )
VINNARANE
VINNARANE: (F.v.) Emilie Krogsrud Vatle, Mats Amundsen Winterstø, Kari Boge, Lisa Simmenes Sellevold, Martine Hammer Verpelstad og Magnus Fosse Osvold var gruppa som stakk av med sigeren i Salmeslaget. Dei framførte salmen Syng i stille morgonstunder. (Foto: )
Herre, eg inderleg ynskjer, song denne kule gjengen. Frå v
MODALENUNGDOM: Stian Sjøholm, Andreas Bergo, Idar Gullbrå, Silja Møster, Hannah Farestveit Mjelde og Johanne Midtun. (Foto: )
FEKK SJOKOLADE
FEKK SJOKOLADE: Martine Hammer Verpelstad, Lisa Simmenes Sellevold, Kari Boge og Emilie Krogsrud Vatle var på vinnargruppa, og fekk sjokolade i premie. (Foto: )
JENTEGRUPPE
JENTEGRUPPE: (F.v.) Emma Gjermo Jakobsen, Martha Mjelde, Mari Zou Verpelstad og Ingrid Marie Faugstad Gullbrå framførte Navnet Jesus. (Foto: )
STOR GRUPPE
STOR GRUPPE: Tomine Nathalie Legland Venås, Vegard Gullbrå Tollefsen, Ida Mo, Mathias Almenningen-Steinsland, Julie Mustafic Brekkhus og Håvar Lundekvam song saman på scena. (Foto: )
BERRE TO
BERRE TO: Natalie Bruvik (f.v.) og Hilde Hammer Stanghelle som framførte Overmåde full av nåde opplevde litt fråfall på gruppa si, men meistra fint å syngja åleine. (Foto: )
DANSA
DANSA: (F.v.) Emilie Krogsrud Vatle (skjult), Mats Amundsen Winterstø, Kari Boge Sigurdson, Magnus Fosse Osvold og Martine Hammer Verpelstad (skjult) dansar medan dei syng salmen sin. (Foto: )

– Vekk oss så til mor­gon ny, dag med sol­skinn utan sky.

  • Kris­tine Næss Thor­sen

Seks kon­fir­man­tar song, medan to og to stod rygg mot rygg på sce­na og pei­ka i ret­ning sola.

Dei var sis­te grup­pe ut på Salmeslaget som nyleg gjekk føre seg i Vaks­dal samfunnssal, og fram­før­te sal­men Syng i stil­le mor­gon­stun­der. Et­ter av­stem­min­ga frå sa­len stakk dei også av med si­ge­ren i den uhøg­ti­de­le­ge kon­kur­ran­sen.

Sju grup­per

Salmela­get som blei ar­ran­gert for fem­te året på rad, går ut på at kon­fir­man­ta­ne i Vaks­dal og Mo­da­len skal gje nytt liv til sal­mar ved å set­ja mu­sikk til dei, og øva inn dan­se­trinn som pas­sar.

Kon­fir­man­ta­ne var delte inn i sju grup­per, som alle had­de laga inn­slag. Samfunnssalen var stapp­full av stol­te for­eld­re, bes­te­for­eld­re, sys­ken og ve­nar, som både klap­pa og heia.

– Det­te var ei fin fram­fø­ring, og med be­ve­gel­sa­ne fekk ein ei kjens­le av sol­opp­gang. De song fint, og det var kjekt å sjå på, kom­men­ter­te Bjart-Mag­nus Ross­vold, kyr­kje­ver­ja, til fyrste grup­pe ut.

Han var ein av tre som fun­ger­te som dommarar un­der Salmeslaget i ekte Idol-stil.

– Det ver­ka som de koste deko på sce­na, ros­te do­mar Ann Ma­rit Me­hus Lie frå Dale Mu­sikk­forening.

– Det var ik­kje vans­ke­leg å sjå at de had­de øvd på det­te. Det var bra koreografi, mein­te prost i Hardanger og Voss prosti, Arild Hel­les­øy, som også var do­mmar på Salmeslaget.

All­tid frei­dig

Dei sju inn­sla­ga vart int­ro­du­sert av konferansier Fro­de Kvam­sø. Alle grup­pe­ne var kre­a­ti­ve i fram­fø­rin­ga på kvar sine vis. Grup­pe num­mer fem med nokre medlemar som er frå Eksingedalen, hadde til dø­mes øvd inn sal­men «Herre eg in­der­leg ynskjer å frem­ja di ære» frå dalen fleire av dei kjem frå.

I mør­ke klede og solbriller, im­po­ner­te dei pub­li­kum med song og dans, som sat som den skul­le.

Kon­fir­man­ta­ne fram­før­te både gam­le og nye sam­lar. Den eld­ste, «Folkefrelsar», blei skri­ven al­le­reie på 300-ta­let, medan den fyrste sal­men som blei sun­ge, «Rop det ut», vart laga så seint som i 1966,

Et­ter grup­pe­ne var fer­di­ge på scena var det duka for av­stem­ming, der både sa­len si mei­ning og pub­li­kum sine røys­ter var av­gje­ran­de. Un­der oppteljinga fekk pub­li­kum sjå danse- og song­inn­slag frå ele­var frå Kongs­haug Musikkgynas, som også had­de hjelpt kon­fir­man­ta­ne med inn­sla­ga.

Grup­pe to frå Ek­sin­ge­da­len stakk av med and­re­plas­sen, medan grup­pe ein som song «Rop det ut», enda på tred­je­plass.

Vin­na­ra­ne var gruppa som framførte Syng i stille morgonstunder. Dei fekk kvar si sjo­ko­la­de­pla­te i pre­mie. Det fekk også dei som had­de vore med å ar­ran­ge­ra Salmeslaget.

– Sjok­ke­ran­de

– Det var sjok­ke­ran­de og gøy at me vann! Det had­de eg ver­ke­leg ik­kje trudd, sa Kari Boge Sig­urd­son, som var med i vin­nar­grup­pa, et­ter pre­mie­ut­de­ling.

– Fak­tisk var det nokre de­lar av teks­ten eg ik­kje hug­sa, så eg måt­te imp­ro­vi­se­ra litt, lo ho, men for­tal­de at dei had­de øvd mykje før Sal­me­sla­get.

Lisa Simmenes Sel­le­vold for­klar­te at det var første gong ho had­de opp­tredd på ein sce­nen sam­an med så få.

– Når eg har fram­ført noko tid­le­ga­re har me all­tid vore flei­re, sa ho.

Imponert

Prest Kvam­søe var im­po­nert over kva kon­fir­man­ta­ne had­de fått til.

– Dei har berre hatt to tors­da­gar å øva på, for­klar­te han, og mein­te det bes­te med inn­sla­ga var når dei klar­te å il­lust­re­ra teks­ten med hen­de­ne og bevegelsar.

Han for­klar­te at bak­grun­nen for Sal­me­sla­get mellom anna var at kon­fir­man­ta­ne skul­le bli fortrulege med salmane som vert sunge i gudstenestene.

– Kva står att før kon­fir­ma­sjo­na­ne?

– No skal dei ha un­der­vi­sing, før dei skal vera med å sam­la inn pen­gar til Kirkens Nødhjelp. I vår skal dei setja av nokre timar ein laurdag der dei skal hjelpa folk med ulike gjeremål.

knt@vp.no



Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.