annonse

Dei skal driva Stordalen Fjellstove

PRODUSERER MAT
PRODUSERER MAT: Laila Bolstad og Bjørn Eikefe tek med seg produksjonen av «Heimalaga mat frå Pøylo» til Stordalen Fjellstove. (Foto: Privat)

Laila Bolstad og Bjørn Eikefet frå Eksingedalen tek over drifta av Stordalen Fjellstove frå 1. juli. Dit tek dei med seg produksjonen av «Heimelaga mat frå Pøylo».

Kristine Næss Thorsen

– Det blir spennande. Me har aldri drive med noko liknande, så det blir heilt nytt. Me fekk innføring i kva det går i, så me får berre setja ein gong. Det blir ein annan kvardag, seier Bjørn Eikefet.

Kjøken i kjellaren

Ekteparet Bolstad og Eikefet tek med seg produksjonen av Heimelaga mat frå Pøylo til Stordalen Fjellstove som ligg ved den vestre innfallsporten til Stølsheimen i Masfjorden kommune. Dei produserer mellom anna eksingedalskorv, spekepølse og skinkepølse, og skal bruka kjøkenet som ligg i kjellaren i fjellstova til å produsera maten.

– Me kjem til å selja mat på hotellet, driva med catering og levera til lokale butikkar. I fjellstova kjem me til å ha ein liten butikkrok der me også sel andre sine lokalprodukt.

Allereie fullbooka

Fjellstova har 60 sengeplassar, som kan utvidast til 80 om ein tek med alle familiekøyene. Fjellstova har plass til rundt 100 etegjestar, og har konferansesal i kjellaren.

– Har de fått mange bestillingar?

– Me er omtrent fullbooka ut året, og folk har byrja å booka seg inn til neste år. Me har mange konfirmasjonar og bryllaupsfeiringar, fortel Bjørn.

Oppdaga på Facebook

Det er Arne Berg som har drive fjellstova fram til no. Bolstad og Eikefet kom over at det vart søkt etter nye til driva fjellstova på Facebook.

– Me såg lysinga på ein fredag, og hadde møte om dette måndagen etter. Onsdag fekk me tilslaget, så det gjekk kjapt i svingane.

Eikefet har tidlegare vore driftsleiar på bryggjeslottet i Modalen, men gjekk ned i stilling for å bruka meir tid på matproduksjonen.

– At matproduksjonen har vakse ut av lokala våre heime på Høvik er ein av grunnane at me flyttar på oss. Når me no skal driva fjellstova i tillegg, slår me to fluger i ein smekk.

Overnattar på fjellstova

Ekteparet kjem ikkje til å flytta til Stordalen, men blir nok buande der til tider.

– Me er berre nøydde til det. Fleire firma har booka seg inn, og me har leigd inn arbeidsfolk.

– Kva blir det kjekkaste med å driva fjellstova?

– Det blir jo ein heilt annan kvardag. Eg trur det blir kontakten med gjestar som blir det kjekkaste.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.