annonse

Dekorerer skulen før den skal rivast

SIGNERER
SIGNERER: Alisa Soghior skriv sin eigen signatur på skuleveggen. Den har ikkje noko med det vanlege namnet hennar å gjera, fortel ho. (Foto: )
VISER FRAM
VISER FRAM: Veronika Wiers og Iris Solheim brukar både skuletimane og fritida på å dekorera skulen. Veronika har laga figuren på veggen. (Foto: )

Målet er at graffitien på veggane på Dale barne- og ungdomsskule blir stilt ut som ein del av Daledagane i sommar.

Kristine Næss Thorsen

– Det er avslappande å laga graffiti, meiner 8.-klassing Iris Solheim (13).

– Og så får du visa kva du kan, seier Veronika Wiers i 9. klasse.

Jentene peiker på graffitikunsten dei har laga på veggane, mest ute, men også inne i skulebygningen. På Daledagane blir det høve for publikum til å sjå på resultatet, før skulen skal rivast.

– Målet er å få mest mogeleg kunst på veggane før Daledagane. Tankegangen er at folk skal få sjå den før skulen blir rive. Me byrja jo med dette før me visste at det skulle skje, seier kunst- og handverkslærar, Jostein Vasstveit.

Lagar skisser

Å laga kunsten har vore ein del av kunst og handverk-faget for elevane sidan byrjinga av 8. klasse. Veronica har mellom anna bidrege med å skriva diktet «Det er den draumen» av Olav H. Hauge. Iris har til dømes laga graffitikunst med oppfordringa «Puss tennene». Det var ein del av helseprosjektet «Heart», som elevane på ungdomsskulen jobba med tidlegare i vår.

– For å laga graffiti må ein først komma på ein idé og laga skisser, før ein kan byrja med sprayinga, forklarar Iris.

– Ein må også finna ut kva skrifttype ein vil velja, og leggja på skygge, fortel Veronika.

– Må ha tolmod

Jentene har i tillegg til skuletimane, brukt fritida si på kunsten.

– Til dømes var me ein gjeng som brukte ein heil fredagskveld då me fekk veta at me fekk skriva dikt på veggane, seier Veronika.

– Ja, ein må ha tolmod. Mange brukar tid på å laga skisser utanom skuletid, seier Iris.

Dekorasjonen inn i skulebygningen består av veggtrykk med visdomsord, dikt og utdrag frå songtekstar. Dei er laga av dei som tidlegare gjekk i tiande klasse, og dei som er avgangsklasse i år.

– Me som går i 8. og 9. klasse skal etter kvart også få vera med å dekorera på det måten, seier Veronika.

– Blei spurt

Kunst og handverk-lærar Jostein Vasstveit forklarar at både Veronika og Iris blei spurt om dei ville laga frihandsgraffiti, sidan dei er flinke til å teikna.

– Dessutan må dei også jobba litt på fritida, så me måtte spørja om dei var villige til det, seier Vasstveit.

– Me tenkjer at i staden for at alle elevane lærer litt om alt, kan dei vera med å velja kva dei lærer om.

Han forklarar at han har fått hjelp til undervisninga av Daniel Tetoka, som er ein av kunstnarane i Dalekunst.

– Me hadde ikkje starta utan hans hjelp. Me måtte han nokre med oss som har spesialkompetanse.

Det offentlege rom

– Kva tenkjer du om at elevane lærar graffiti, ei kunstform som ikkje alltid har vore akseptert?

– Graffiti er ein kunstform som elevane får utføra i det offentlege rom, og gjer at dei får delta der og spreia bodskapen sin.

Vasstveit legg vekt på at om kunsten ser bra ut, så blir den akseptert.

– Me prøver å pynta skulen. Det blir lagt merke til og sett pris på. Responsen elevane får blir på ein måte karakteren dei får på arbeidet.

– Når me brukar born til dette, må me ha tillating frå kommunen. Dei har gitt oss solid støtte heile vegen, og me har sett nytta av kunsten.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.