annonse

– Det er jo heilt fantastiske dagar

VATN
VATN: Blomane i Gatå må ha vatn. Else Marie Mugaas synest sommarvêret er strålande flott. (Foto: Esben Hesjedal)
SOL
SOL: Anette Kvamme nyt sommaren og ser fram til Daledagane som startar i dag, torsdag. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
HÅPAR DET VARAR
HÅPAR DET VARAR: Willy Vedå i Gatå på Dale. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Det er varme, sol og sommar som aldri før!

  • Esben Hesjedal B Kristine Næss Thorsen

Det er torsdag morgon i Gatå på Dale. Gradestokken har allereie passert 20 med god margin, og sola steikjer.

Butikksjef hjå Coop Prix, Else Marie Mugaas, er ute i Gatå med vasskanna.

– Det er jo heilt fantastiske dagar, dette, utbryt Mugaas og myser mot sola.

Gassgrill blir vurdert

Knusktørre blomar i ei Daledagspynta gate får etterlengta vatn. Telt er i ferd med å komma opp. I motsetning til vanleg, så er det ikkje regnet telta skal halda ute. I år er det nok ei steikjande sol som vert det største «problemet» for publikum og utstillarar på Daledagane.

For butikksjef Mugaas er det grillforbodet som gjev ho utfordringar.

– Me har alltid grilla utanfor butikken på Daledagane. Eg har vore i kontakt med brannvesenet, og ventar endeleg svar derfrå. Kolgrill, som me alltid har brukt, får me iallfall ikkje bruka. Eg håpar me får klarsignal til å bruka gassgrill. Me har jo uttak slik at me kan ha ein vassleidning liggjande klar. Uansett, slike dagar kan eg ikkje hugsa at me har hatt før, smiler Mugaas.

– Vonar vêret varar

Willy Vedå har nett vore i butikken, og skryt også av det fantastiske vêret.

– Det er heilt uvanleg! Eg vonar det varar heile sommaren,

Han fortel at han tidlegare har vore på Daledagane, men at han i år skal vera på hytta under festdagane.

Utflytta dalingar kjem

Vera med på Daledagane skal derimot Anette Kvamme, som står utanfor huset sitt i Skulegata.

– Eg har frisørsalong og kjem til ha nokre gode tilbod. Det er alltid kjekt å treffa på utflytta dalingar som kjem heim for å vera med på Daledagane.

Ho synest det er supert at det er så fint og varmt vêr.

– Det er uvanleg med så tidleg sommar. Eg synest nesten det er litt skummelt, og lurar på om me brukar opp all varmen no, smiler Kvamme.

Flott ramme

Sol og varme brukar å løfta Daledagane, og saman med eit tettpakka program ligg det an til fine dagar i og kring Gatå.

I dag, torsdag, er det Daledagsløp og første framsyning av Dale Musikkforening si Blues Brothers-framsyning som startar det heile.

Fredag og laurdag går det slag i slag med konsertar, ulike arrangement og ikkje minst det yrande folkelivet som kanskje er det aller viktigaste under Daledagane.

kntvp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.