annonse

Det handlar om å gjera noko godt for andre

GÅVER
GÅVER: Silje Gullbrå og Elias Bergo med gåver som skal leverast til Frivilligsentralen på Dale. (Foto: Leiv Magnus Grøtte)
VIL GJE
VIL GJE: Elevane ved Eksingedalen skule er opptekne av å gjera noko for dei som ikkje har så mykje. Her med ein del varer som er laga og som skulle seljast til inntekt for ei god sak denne veka. Bak frå venstre Silje Gullbrå, Idar Gullbrå, Johannes Bergo, Sigve Øvstedal og Andreas Bergo. Framme frå venstre Heidi Nesheim, Elias Bergo og Vemund Bergo. Vegard Gullbrå Tollefsen var ikkje til stades då biletet vart teke. (Foto: Leiv Magnus Grøtte)

Skuleprosjektet «Dugande Jol» handlar om gjera noko godt for andre. Det har engasjert heile Eksingedalen.

Det kjem ei farmor trippande over skuleplassen. Lua er tredd godt nedover øyra, raude roser i kinna. Han er kald i dag. Minus ti og isande vind. Men ho er rank, ser ikkje ut til å bry seg ein døyt om den bitande kulda. Inni er ho varm og sterk. I fanget ber ho på ein diger papirpose, proppfull av hjartevarme løyndomar og gleder.

Gåvmild farmor

Vel inne i skulehuset set ho seg på huk framfor gåveberget, tek av seg vottane og plukkar fram gåvene ho sjølv pakka inn i går kveld. Det finaste gråpapiret, med raudlette band og kvite sløyfer. «Til ein gut på 12 år», står det på den eine, «Ung dame» på ein annan. Mjuke og harde om ein annan, åtte i alt. Ingen avsendar, berre eit raudt hjarta. Så reiser ho seg, står ei stund og smiler mildt.

– Det veks på seg dette her, blunkar ho til eit par av elevane som er komne til.

– Vil du ha kaffi å varma deg på?

– Nei takk, ikkje i dag. Eg er sånn i hasta og må av garde, men kanskje i morgon, seier ho og vinkar seg ut dørene.

Engasjement

Slik har det vore kvar bidige dag i desember her på Eksingedalen skule. Er det ikkje farmor eller bestefar, så er det mor, han far, ei tante på Nese, ein i grannelaget som har kome tuslande med ei gåve. Ja, og så elevane sjølvsagt. Kvar dag har dei hatt med seg ei lita gåve i sekken, lagt ho i gåvehaugen som no etter kvart har vakse ut av alle proporsjonar. Prosjektet har i sanning engasjert heile bygda.

Omvendt adventskalender

Den omvende adventskalender er ein viktig del av det heile. I staden for å ha eigne pakkekalendrar heime, har dei valt å pakka inn gåver til andre som treng det meir enn dei sjølve. Gåver som til sjuande og sist vil hamna under eit juletre einkvan plassen rundt om i kommunen. Til born og vaksne som ikkje har vore like heldige i livet sitt.

– Me har høyrt at det er mange som slit, men det viser ikkje utanpå, seier Elias.

Han går i femte og kjenner sterkt på at han er med på noko veldig viktig.

– Eg veit at det er mange som vil bli ekstra glade for det me gjer. Det er godt å kjenna på.

7.-klassingen Silje nikkar ivrig og følgjer på:

– Den der kjensla me får av å gjera noko bra for andre, er kanskje det beste med alt. Når me sjølve tek til å opna gåvene på julaftan, så trur eg at me kjem til å kjenna på ei ekstra glede.

Juleverkstad og bakeri

Dei siste dagane har det gått skikkeleg varmt for seg på skulen på Bergo på mange vis. Dei har elta og knadd, trylla fram alle tenkjelege sortar julekaker, karamellar og sjokoladeknask. Bakaromnen har gått heile dagen, medan andre har laga eksotiske krydderblandingar. Og alt er pakka nennsamt i vakre gåvepakningar, i både selofan og glas med raude sløyfer. Frå verkstaden har duren frå boremaskina gått i eitt, saga har knegga høglydt og trevirke sett saman og måla til julepynt du aldri har sett maken til. For ikkje å snakka om alt det fine handarbeidet, på tøy og på strie, som godteposar og perleband. Produksjonen har vore enorm, nesten akkordarta.

Ventar rekordsal under julefesten

Siste veka før julaftan er det julefest der alt skal på borda og seljast til festglade eksingedølar. Då er heile bygda invitert til skodespel, samrør rundt kakefat og juletregong. Overskotet går til å kjøpa jolemat i nærbutikken på Lavik. I neste omgang vert alt pakka som det høver seg og sendt vidare til Frivilligsentralen på Dale, saman med alle gåvene samla inn i adventstida. Det er dei som vil syta for at det kjem fram til jul hjå dei som treng det mest.

Og då er det ikkje berre skuleungane som vil kjenna på gleda av å ha gjort noko bra for andre. Kan hende det renn ei lita tåre hos ei farmor òg.

Tekst og foto: Leiv Magnus Grøtte

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.