annonse

– Dette betyr mykje for mange

EI HJELPANDE HAND
EI HJELPANDE HAND: Fredag og lørdag delte Torunn Samuelsen i Vaksdal Frivilligsentral og assistent Mekides Abiot ut klede, leikar og andre bidrag til folk som treng litt hjelp. (Foto: )

Frivilligsentralen har den siste tida fått inn så mykje klede og gåver at det måtte arrangerast eigne dagar for å gje vekk tinga til trengjande.

Stine Strand Carlsen

– Folk har vore utruleg gåvmilde. Me har fått inn fleire sekkar med klede, bøker, leikar, mat og alt mogeleg rart. Dette betyr mykje for veldig mange, seier leiar i Vaksdal Frivilligsentral, Torunn Samuelsen.

Vanskeleg høgtid

Bidraga har auka den siste tida, og Torunn trur dette kan ha samanheng med at jula nærmar seg.

– Jula er ei tid for å tenkja på andre, og det er flott å sjå slik omtanke. For dei som ikkje har så mykje, kan jula vera ei vanskeleg tid. Det er mange utlegg med gåver, mat og så vidare, og då er slike bidrag gull verd, seier ho.

Kontoret i andre etasje i Coop-bygget har vore så overfylt, at Torunn til slutt måtte ta grep.

– Det har vore så fullt både på og utanfor kontoret, at det knapt nok har vore rom til å bevega seg. Det er ikkje alle som kjem innom av seg sjølv, og då tenkte eg at det kunne vera greitt å samla alt på ein stad og invitera folk til å komma å plukka det dei vil ha.

– Ein suksess

Sist helg vart difor møterommet, som frivilligsentralen deler saman med Vaksdal Næringsselskap, fylt opp med alt frå klede til leikar, hushaldsprodukt og barnevogner. Mekides Abiot, som har språktrening ved sentralen, hjelpte til med å stella i stand til utdelinga.

– Arrangementet vart ein suksess, og nærast alt forsvann. Me fekk til og med inn ein tv, og den forsvann raskt. Drivarane av Facebookgruppa «Hjelp til hjelp, Vaksdal, Dale, Voss» var også på plass med mykje mat, noko som svært mange var takknemlege for.

Treng meir

Ho understrekar at ein framleis vert glad for alle bidrag sentralen kan få, og ho ser ikkje vekk frå at fleire slike arrangement kan haldast i framtida.

– Eg er dagleg i kontakt med folk som slit, så her er me takksame for alt me kan få. Eg vil oppmoda folk til å sjå igjennom skuffer og skap. Dei fleste av oss har noko dei kan avsjå, avsluttar Samuelsen.

sc@vpn.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.