annonse

Drikkeklart vaksdalsvatn

SNART BETRE TIDER
SNART BETRE TIDER: Overflatevatnet frå Bogevassdraget skal snart erstattast med grunnvatn frå Sædalen, som mellom anna skal lagrast i dette nye høgdebassenget på vegen opp til Tjørnhaugen. (Foto: Arkiv)

Kokevarselet på det kommunale drikkevatnet på Vaksdal vart fredag oppheva.

– Vatnet er friskmeldt, du kan trygt drikke det frå i dag, skriv Vaksdal kommune på heimesida si.

Ni dagar med kokevarsel

Det var onsdag i forrige veke at det vart funne både koliforme bakteriar og E. coli i dei kommunale vassverka både på Eidsland og Vaksdal, og kokevarsel vart sendt ut begge stader.

Utspyling av leidningsnettet

På Eidsland vart varselet oppheva etter to dagar, medan to prøvetakingar seinare på Vaksdal har synt at førekomsten av bakteriar i Vaksdals-vatnet har vore for høg. Etter siste prøvetaking føretok ein også ei utspyling av anlegget, og no er altså vaksdalsvatnet friskmeldt.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.