annonse

E16-aksjon søndag

NY AKSJON
NY AKSJON: Søndag er det klart for ny aksjon, denne gongen på Voss. Biletet er frå ein tidlegare aksjon i Arna.

Søndag ettermiddag vert det E16-aksjon med ei rekkje appellar og musikk på torget på Voss.

Esben Hesjedal

Aksjonsleiar Laila Himle håpar på god oppslutnad både frå folk frå Vaksdal kommune, vossingar og bergensarar.

- Det er viktig å visa at engasjementet for K5 er noko meir enn det me gjer på mobilen på Facebook. Folk må fysisk møta opp på Voss og tilkjennegje kva dei meiner. Me i aksjonsgruppa prøver å vera folket sine talerøyr i denne saka, og det er viktig at det vert vist at me har folket bak oss, seier ei engasjert Himle.

På torget på Voss vert det musikk med banda VossaRebels og Twang Gang, og ei rekkje med folk som skal halda appellar.

- Førebels er ikkje talarlista klar, men det er veldig mange som vil seia noko. Det er nesten som me har eit luksusproblem. Me ønskjer å få fram mange ulike parti, representantar for organisasjonar som Trygg Trafikk, NAF og andre. Konferansier vert tidlegare ordførar på Voss Bjørn Christensen, fortel Himle.

Aksjonen på Voss startar søndag klokka 15.

Klikk for å se kommentarer ()