annonse

E16 er opna igjen

STEINBLOKK
STEINBLOKK: Biletet viser delar av steinblokka som vart tatt ned frå Jamnatunnelen. Kring klokka 09.15 vart E16 opna igjen. (Foto: Jan Erik Tollefsen)

Torsdag morgon var Jamnatunnelen stengt grunna oppryddingsarbeid. Kring klokka 09.15 kunne vegen opnast igjen.

Esben Hesjedal

Då hadde entreprenørar på staden teke ned ei steinblokk som var lausna i tunneltaket, og Jamnatunnelen vart vurdert som trygg å opna igjen.

Jamnatunnelen er den første tunnelen etter Vaksdal, i retning Stanghelle.

Steinblokk

Vegtrafikksentralen melder klokka 07.30 at ei stor steinblokk heng ned frå tunneltaket, og at det truleg ville ta timar før tunnelen kan opnast igjen.

Omkøyring er via fv. 79 gjennom Hardanger. Parallelt med Jamnatunnelen går Skreiavegen, som er ein gang- og sykkelveg. Men denne er for tida stengt grunna rasfare.

Jobbar med å knusa blokka

Jan Erik Tollefsen hjå Tolles AS er på staden.

– Me fekk melding om dette klokka halv sju. Allereie då me kom var det danna seg ein god del kø utanfor tunnelen, opplyser Tollefsen.

Han fortel at det er ei steinblokk som har lausna i taket der ein stige som tunnellysa er festa i heng.

– Eg vil anslå steinblokka til å vera kring 400 kilo. Det vert no jobba med ein lift, der ein prøver å knusa steinblokka i mindre delar slik at ein kan få ho ned, seier Tollefsen til VP i 08.30-tida.

Skuleelevar

Skuleelevar frå Vaksdal har førebels fått melding frå ungdomsskulen på Dale om at dei kan ta toget til skulen.

VP forseinka

Posten opplyser at vegstenginga fører til at distribusjonen av VaksdalPosten vil verta forseinka i dag, torsdag. Dette gjeld abonnentar på Vaksdal, Stanghelle og Helle.

Arna-Bergen stengt

Også på jernbana er det problem. På strekninga Arna-Bergen er det ingen togtrafikk. Dette grunna at eit godstog spora av ved togstasjonen i Bergen natt til torsdag. Det vert jobba med å setja opp alternativ transport mellom Arna og Bergen, då med buss og taxi.

Det er håp om at persontogtrafikken kan komma i gang igjen i løpet av torsdag.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.