annonse

E16 er opna mellombels igjen ved Bolstad

RASFARE
RASFARE: E16 ved Bolstad vart fredag morgon stengt grunna fare for nye ras. Klokka 11.00 opna vegen igjen med manuell dirigering. (Foto: Statens vegvesen)

Kristine Næss Thorsen

Klokka 11.00 melde vegtrafikksentralen at E16 ved Bolstad er open med manuell dirigering.

– Vegen er opna igjen med manuell dirigering ved Bolstad. E16 bli stengt på kort varsel, vert det meldt.

To timar tidlegare melde Vegtrafikksentralen at E16 ved Bolstad då vart mellombels stengt. Årsaka var fare for ras.

Vegen vart stengt klokka 09.19 fredag.

– E16 er mellombels stengt på grunn av rasfare. Folk på staden har vurdert situasjonen. Vatn har teke med seg masser ned fjellsida, noko som indikerer rasfare opplyste Kjetil Løvås, operatør Vegtrafikksentralen, til VP.

Det er ikkje omkøyringsmogelegheiter via fv. 314 gjennom Bergsdalen, då denne vegen framleis er stengt ved Øye.

Omkøyringsveg er Fv. 7, opplyser Statens vegvesen.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.