annonse

E16 opna etter ulukke

ULUKKE
ULUKKE: Tidleg laurdag morgon var tre bilar involvert i ei trafikkulukke i Dalseidtunnelen på E16, mellom Dale og Bolstad. (Foto: Illustrasjon)

Laurdag morgon var tre bilar involvert i ein kollisjon i Dalseidtunnelen. Ingen vart alvorlege skadde i ulukka. Klokka 09.45 vart E16 opna.

Politiet opplyser at det til saman var fem personar i dei tre involverte bilane, i det som var ei påkøyrsle bakfrå. Ulukka skjedde i 08.30-tida.

Konstituert brannsjef Brede Tjønneland opplyser at tre personar vart sendt til sjekk til Voss sjukehus.

– Men det var heldigvis ingen som kom til alvorleg skade denne gongen. Det kan sjå ut som at tre bilar har køyrt i kø, og då me kom til staden stod to bilar på eine sida av vegen og den tredje på venstre side. Den eine bilen hadde ein god del skader, medan dei to andre hadde mindre skader, seier Tjønneland.

Klokka 09.30 melde politiet at det var manuell dirigering av trafikken på staden. Trafikk i retning Voss vart prioritert i starten.

– Klokka 09.45 vart vegen opna for fri ferdsel igjen. Då var alle tre bilane fjerna. Det gjekk bra denne gongen, og det er me sjølvsagt glade for, seier brannsjef Tjønneland.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.