annonse

E16 ved Beitlatunnelen opna igjen

KØ
: Det var kø på E16 ved Dale då Beitlatunnelen ein periode var stengt måndag føremiddag. (Foto: Esben Hesjedal)
SØNDAG
SØNDAG: Også søndag var E16 stengt ein periode, då grunna problem med ein vegvals som vart transportert med ein lastebil. (Foto: Tipsar)

Måndag føremiddag var E16 stengt i vel ein halv time.

Litt før klokka 10 vart det meldt om at Beitlatunnelen var stengt grunna ein gjenstand i vegbana.

Det har danna seg køar på begge sider av tunnelen.

Klokka 10.35 opna E16 igjen.

Søndag sklei ein vegvals av ein lastebil mellom Stanghelle og Vaksdal i 15-tida. Vegen var stengt ein kort periode.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.