annonse

– Ei tid for å vera saman

JULEPORTRETTET
JULEPORTRETTET: Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll. (Foto: Privat)

Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll (17) bryr seg ikkje så mykje om gåver i jula. – Det viktigaste er å vera saman med dei ein er glad i, seier ho.

– Jula for meg er å ha kvalitetstid saman med familie og vener. Det treng ikkje skje så mykje, det kjekkaste er å berre roa ned og vera saman, seier Anna Elisabeth.

Glad i tradisjonar

I år vert jula feira heime på Vaksdal med kjernefamilien. På julaftan er det tradisjonar som gjeld.

– I år vert det meg, mamma, pappa og veslesystera mi. Det vert pinnekjøt, som alltid, og me pleier å gå i kyrkja. Eg likar elles å sjå «Tre nøtter til Askepott». Og «Karl-Bertils Jonssons jul» før middag og pakkeopninga må eg alltid ha med meg, smilar ho.

– Er det noko spesielt du ønskjer deg under treet i år?

– Nei, eigentleg ikkje. Det kjekkaste er eigentleg å gje gåver, særleg til veslesøstera mi. Eg gler meg til å sjå reaksjonen når ho opnar gåva frå meg.

Brenn for ungdomsrådet

Anna Elisabeth er nyleg byrja på 1. året på St. Paul Gymnas i Bergen. Det siste halve året har difor vore prega av mykje pendling.

– Det har vore ein travel haust, og det vert difor ekstra godt å kunna roa ned saman med familien i jula.

Den engasjerte 17-åringen har vore leiar i Vaksdal Ungdomsråd dei siste tre åra. I januar er det attval, men ho tenkjer å stilla som kandidat også dette året.

– Sjølv om eg ikkje går på skule i Vaksdal kommune lenger, har eg mange saker eg brenn for og mange ting eg vil utretta. Eg kjenner meg ikkje ferdig endå.

– Kva er dei viktigaste sakene til Ungdomsrådet?

– Det viktigaste er å formidla at me er her og kan tala ungdommane sine saker. Me kan mellom anna gje rådgjeving og hjelpa til med økonomi, og vera eit talerøyr for alle som vil nå fram med noko. Det er dessverre alt for få som veit kva me kan gjera, og det med å synleggjera oss meir vert viktig framover.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.