annonse

– Ein flott sesong

LUFTIG
LUFTIG: Morten Skjerve i luftig svev under Vestlandsmeisterskapen i Egersund. (Privat bilete) (Foto: )
KØYRDE GODT
KØYRDE GODT: Aina Skjerve i aksjon under Vestlandsmeisterskapen i Egersund. (Privat bilete) (Foto: )

MOTOCROSS: Søskenparet Aina og Morten Skjerve avslutta førre helg ein ny flott motocross-sesong.

Årets siste stemne var finalen i Vestlandsmeisterskapen, som gjekk på Elgane motorstadion ved Egersund.

Dei to aktive unge stamnesingane i Team Skjerve køyrer for Voss Motorsportklubb.

Kjempa i toppen

Samanlagt låg Aina som nummer 2 før finalen, medan Morten låg som nummer 2 i MX Open og på 3.-plass i MX2.

Laurdag køyrde Morten i klassen MX Open. Konkurransen var tøff. Berre hundredelar skilde dei fire beste. Det vart til sist 3.-plass på Morten den dagen. Med 38 poeng i finalen, fekk han ein 2.-plass totalt i klassen i 2017-sesongen.

Søndag var siste finaledag for både Morten og Aina. Aina kvalifiserte seg som nummer 2, heile 27 sekund før 3.-plassen. Dette såg lyst ut for ho og hennar plassering for sesongen. Både i første og andre heat køyrde Aina inn til ein god 2.-plass. Til sist vart det også ein 2.-plass samanlagt for stamnesjenta i klasse MX Damer i sesongen 2017.

Velta og skada skuldra

Morten stilte i klassen MX2. I første heat låg han som nummer 3 etter få rundar. Like etter at han greidde å avansera til 2.-plass, hadde han ein stygg velt i ein sving. Han måtte bryta heatet då han hadde skada seg i skuldra, og måtte stå over siste heatet. Samanlagt vart Morten nr. 7 for dagen og ein 5.-plass totalt i sesongen.

NM i Tønsberg

Tidlegare i haust deltok Morten på ein NM-runde ved Tønsberg. Med fint vêr og gode baneforholdkvalifiserte han seg som nummer 14. I første heat blei han nummer 15, etterfølgt av ein 11.-plass i siste heat. Samanlagt vart han nummer 13 av 24 startande i denne NM-runden.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.