annonse

Eit herleg lokaloppgjer

DALEDAGSKAMPEN
DALEDAGSKAMPEN: Her blir kampen avgjort. Tonny Tysnes vinn duellen med Ronny Boge, og sett inn sigersmålet for Dale. (Foto: Esben Hesjedal)
DALEDAGSKAMPEN
DALEDAGSKAMPEN: Dale-Vaksdal på Geitabakken. (Foto: )
DALEDAGSKAMPEN
DALEDAGSKAMPEN: Dale-Vaksdal på Geitabakken. (Foto: )
DALEDAGSKAMPEN
DALEDAGSKAMPEN: Dale-Vaksdal på Geitabakken. (Foto: )
DALEDAGSKAMPEN
DALEDAGSKAMPEN: Dale-Vaksdal på Geitabakken. (Foto: )
DALEDAGSKAMPEN
DALEDAGSKAMPEN: Dale-Vaksdal på Geitabakken. (Foto: )

FOTBALL: Det var jamt, tett, ei herleg stemning og spenning heile vegen på Geitabakken mellom Dale og Vaksdal laurdag. Til sist stakk heimelaget av med sigeren 4–3.

Det stod 1-1 til pause, og eit rekordstort publikum som sytte for ei festleg ramme rundt kampen såg at Vaksdal var det førande laget i første del av omgangen.

Men til slutt vart Dale sin toppskårar Tonny Tysnes avgjerande og kampens store spelar. Han skåra alle fire måla til heimelaget.

Mykje å diskutera

– Ein herleg dag, og ein fortent siger, sa Tysnes etter kampen,

Storskåraren fekk også retta merksemda mot seg i andre enden av bana, då han dytta Mathias Dahle innanfor 16-meteren, noko som gjorde at Vaksdal fekk straffe, og Tysnes gult kort. Like etter var det fleire som ropte på meir gult til firemålskåraren, etter ein duell med Vaksdals-målvakt Odd Andre Boge.

– Frispark, men ikkje gult her. 50/50-duell, meinte Tysnes.

– God dommar

– Dette vert nok diskutert i kveld, men dommaren dømmer, og han dømte jamt over bra, meinte trenar for Vaksdal, Rune Herfindal, etter kampen.

Herfindal er stolt av innsatsen til laget sitt, som ytte favorittane frå Dale god motstand.

For Vaksdal var det Mathias Dahle, Mateusz R. Marciniak og Yonathan R. Medhane som skåra måla.

700

På tribunen var stemninga stor, og mange hundre hadde møtt fram i finvêret.

– Me trur det var om lag 700 små og store her i dag. Ein fantastisk fotballdag, og eit svært jamt og spennande oppgjer, sa Geir Karstensen i Dale IL.

– Triveleg kamp, kjekt å få med seg. Ser ut som det blir eit jamt oppgjer, sa den tidlegare Dale-keeperen Bjørn Anders Hilland tidleg i kampen, og fekk rett i det.

Laga skifta om leiinga heile vegen, før Tysnes sette inn sigersmålet mindre enn 10 minutt før full tid.

– Det kunne godt blitt uavgjort, ein jamn og god kamp frå begge laga. Dette var skikkeleg moro, er dommen etter kampen frå ein hås Trond Magne Olsnes frå Vaksdalsdelen av «tribunen».

ms@vp.no


Klikk for å se kommentarer ()