annonse

Eit humoristisk siste show

SPELTE LÆRARANE
SPELTE LÆRARANE: Her blir lærarane på Dale ungdomsskule parodierte. Frå venstre Rebekka Skaala Hartvedt, Sarah Rynning Lid, Johanna Aas, Åsmund Vetle Bru Nøkling, Nathalie Bruvik og Hilde Hammer Stanghelle. (Foto: )
I TERAPI
I TERAPI: Hilde Vik Dale og Sebastian Ulveraker spelar at dei er i terapi. (Foto: )
FLEIRSPRÅKLEG
FLEIRSPRÅKLEG: Dikt om venskap framført på ulike språk. Frå venstre Rokaya Yahya Ibrahim, Jule Dalseid Landro, Hilde Vik Dale, Ingeborg Stamnes Bjørnberg og Michaela Mihalova. (Foto: )
KLARE FOR SHOW
KLARE FOR SHOW: Frå venstre Ingeborg Stamnes Bjørnberg, Veronika Wiers, Sebastian Ulveraker og Nathalie Skage gjer seg klar backstage. (Foto: )

Med sketsjar om politikarar, lærarar og lokalavisa, sytte ungdomsskuleelevane for morosam underhalding på The Last Show? torsdag sist veke.

Kristine Næss Thorsen

– Eg trur dei åt kroppsdelar i 2017!

Nokre arkeologar i kvite frakkar frå framtida ser forvirra på kvarandre, til latter frå gymsalen på Dale ungdomsskule. Dei har undersøkt tomta der skulen stod ein gong i tida, og er sjokkerte over funna.

Nokre minuttar tidlegare har publikum fått høyra trist musikk, og sett ein videosnutt der skulen blir jamna med jorda etter ein eksplosjon.

Spurde mauren

Bakteppet for The Last Show? om at skulen på Dale skal rivast, kunne lett ha sett ein melankolsk stemning. Men elevane og lærarane på valfaget sal og scene valde ein humoristisk vri på det siste showet, med skråblikk på notida og framtida.

Blant morosame innslag var parodien på VP-redaksjonen som fekk inn tips, og gjorde det om slik at det blei ein bra sak.

Dei noko spesielle og håplause problema til dei tre para i parterapi, sytte også for god stemning blant publikum. Samtidig var det underhaldande å sjå parodien på kommunale høyringar knytte til riving av skulen.

I løpet av førestillinga blei både maurane, uglene og lærarane på skulen spurde om kva dei synest om det heile.

Håp om meir

Dessutan imponerte elevane med dikt, dans og musikalske nummer. Emilie Sellevold og bandet K5 var blant dei som utmerka seg.

Både foreldre, søsken og besteforeldre hadde møtt opp for å sjå på elevane og latter og mykje klapping tyda på at dei hadde ein kjekk kveld.

Så står att det å sjå om The Last Show var det siste showet for sal og scene. Skuleveggen der elevane nyleg har skrive graffiti-teksten: «This is not the end. We will rise again», gjev iallfall grunn til håp.

Gleda seg

Elevane har brukt mykje tid på førebuingane til showet sist veke. Eit kvarter før førestillinga kl. 18.00 var i gang sat ungdommane backstage, og var både nervøse og fulle av forventingar. Nokre sminka seg, andre tok på kostyme og nokre øvde på tekst.

– Eg gler meg. Eg var nervøs før me skulle visa showet for alle på ungdomsskulen, men no veit me at det går bra, så det blir gøy, sa Nathalie Skage.

Sebastian Ulveraker fortalde at ha skulle ha fleire roller, og hadde mykje tekst å hugsa.

– Rett før eg skal på scena tenkjer eg å sjå raskt gjennom manus, sjølv om eg eigentleg kjenner meg ganske trygg på alt, sa han.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.