annonse

Endeleg skirenn for Erling

NY SESONGSTART
NY SESONGSTART: Erling Fagerbakke Fosse (t.v) vart nr. 4 då han var tilbake i skisporet etter eit opphald på to månader. Biletet er frå opningsrennet i november på Beitostølen. (Foto: Privat)

+ LANGRENN: Erling Fagerbakke Fosse var søndag tilbake med startnummer på brystet, meir enn to månader sidan sist renn.

Magne Solhaug

For langrennstalentet frå Bergsdalen har det vore ein trasig vinter. Etter to god renne austpå i november, vart han sjuk, og måte kutta ut treninga i ein lang periode.

4. plass på Dalane

Først no er han skikkeleg på gang att. Det starta med ein 4. plass i seniorklassen under BKK-rennet til Bulken IL på Dalane sist søndag. Distansen var 15 km klassisk, og tida til Erling vart 42,47. Vinnartida til klubbkameraten i Voss IL, Vebjørn Turtveit, var 39,50.

– For meg vart dette ei grei gjennomkøyring, men eg var litt for langt bak Vebjørn til at eg kan seia meg skikkeleg fornøgd. Det blir nok tøft å hevda seg denne vinteren, treningsgrunnlaget er for spinkelt, meiner Erling sjølv.

Noregscup på Nannestad

Han reiser såleis til Noregscuprenna hjå Åsen IL på Nannestad med helga, utan særlege forventningar.

– Eg satsar på nye gode gjennomkøyringar der først og fremst for å byggja på treningsgrunnlaget, seier Erling som etter planen stiller både på den klassiske tremila laurdag og 15 km fristil søndag under Noregescup-helga i Akershus.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.