annonse

Endeleg vert Gatå fiksa

ETTERLENGTA
ETTERLENGTA: Mats og Geir Magne Ulveseth i Steinriket Dale i arbeid med å fiksa brustein og heller i gågata på Dale.

Esben Hesjedal

Mange har lenge klaga over lause heller og at Gatå på Dale er farleg å ferdast i. No vert det ordna.

Murar Geir Magne Ulveseth i Steinriket Dale starta fredag sist veke arbeidet med å utbetra brustein og heller i gågata på Dale.

– Planen er å bruka dagane fram til Daledagane til å fiksa Gatå. Eg reknar med me skal nå over det meste, seier Ulveseth.

Salt tærer

Lause steinheller som folk har kunna snubla i har lenge vore eit problem.

– Grunnen til at dei har losna, er nok mellom anna saltet. Salt gjer at betongen som hellene er festa med smuldrar opp, forklarar Ulveseth, medan han og sonen Mats jobbar utanfor Sparbutikken.

Dei siste åra har øydelagde heller blitt erstatta med asfalt. Desse svarte asfaltflekkane har mange meint har vore skjemmande.

– Kommunen har bede om at asfalten skal bort og erstattast med heller, slik det opphavleg var, opplyser Ulveseth.

– Må salta

Torstein Mehus i Vaksdal kommune fortel at det lenge har vore planen å gjera eit arbeid i Gatå.

– Av ulike årsaker har ein ikkje komme i gang før no. Meininga er å iallfall ta dei verste plassane, slik at folk ikkje øydelegg seg, seier Mehus.

Han trekkjer fram at dårleg grunnarbeid då Gatå vart lagt for 17 år sidan, saman med nødvendig salting, er mellom årsakene til utfordringane ein no har.

– Grunnarbeidet har ikkje vore godt nok, og i tillegg så tærer saltet på betongen. Men når det er klinkis på vinteren, så må det saltast. Me satsar på at Gatå skal få seg ei nødvendig opprusting, og dei svarte asfaltflekkane skal erstattast med ny stein, seier Mehus.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()