annonse

Feirar nytt år i nytt hus

I EIGE HUS
I EIGE HUS: Sondre og Åsne Tesdal Rødland, saman med vesle Jorid, feirar nyttår i eige hus på Rødland i Bergsdalen. (Foto: Privat)

Åsne, Sondre og Jorid (tre månader) feirar det nye året i nytt hus på Rødland i Bergsdalen.

– Huset stod klart i januar, så dette har vore vår første jul her, seier Åsne Tesdal Rødland (26).

For tre månader sidan kom Åsne og Sondre sitt første barn, Jorid, til verda.

– Det har vore så koseleg å feira jul med baby. Jorid har oppført seg heilt eksemplarisk, så me kan ikkje klaga på noko, seier Åsne.

Eit naturleg val

Det unge ekteparet har bygd det nye huset på tomta til barndomsheimen til Åsne, og har teke over gardsdrifta av 110 vinterfôra sauer. Foreldra til Åsne har flytta inn i besteforeldra sitt hus 100 meter ifrå. For Åsne og Sondre var det ikkje noka vanskeleg val å busetja seg i Bergsdalen.

– Eg har alltid ønskt å bu her, og var så heldig at eg fann ein mann som ikkje var vanskeleg å be. Han er van med å bu utanfor sentrum, og har dei same interessene for gardsliv som det eg har, seier Åsne om mannen frå Voss.

Begge dei to jobbar på Voss, Åsne som sjukepleiar ved Voss sjukehus. Framover vert det permisjonslivet ei stund til.

– Eg ser fram til ein roleg start på det nye året heime med Jorid. Det gjeld å nyta den første tida godt, seier Åsne.

Brenn for landbruket

– Korleis trur du det vert å kombinera gardsdrifta med jobb og småbarnsliv?

– Det vert nok travelt, spesielt under lemminga til våren då me plar få mellom 200 og 250 lam. Men eg trur det skal gå fint. Me likar begge å driva med dette, og brenn for å føra landbruket vidare. Jorid er også odelsjente, så her vert ho van frå dag ein, ler Åsne.

No gler familien seg til å feira si første nyttårsaftan i den nye heimen.

– Det vert pinnekjøt, heimelaga så klart. Elles vert det ei roleg feiring. Me får sjå om me klarar å halda oss vakne heilt til klokka tolv!

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.